
Kurset for deg som vil lære meir om topptur på ski. Ein erfaren guide vil lose deg gjennom 2 dagar med nyttig informasjon og dele av sin kunnskap.
Dette kurset gir ei innføring i grunnleggjande ferdigheiter for å ferdast trygt i fjellet med toppturski eller splitboard. Du lærer korleis utstyret fungerer, teknikkar for motbakkegange og grunnleggjande skredtryggleik.
Gjennomgang av nødvendig toppturutstyr (ski, feller, stavar, støvlar)
Skredutstyr: kva du treng og korleis du brukar det
Kameratredning
Skiteknikk og ruteval
Grunnleggjande skredkunnskap
Kurset passar for deg som har god skiferdigheit frå før og ynskjer å prøve topptur. Det vert ikkje fokusert på lange turar med mykje høgdemeter, men heller på å lære å bruke utstyret og grunnleggjande ferdigheiter for trygg ferdsel i fjellet. Vi legg likevel opp til å få nokre fine svingar!
Kurset går føre seg i området Valldal-Stordal, under ein time frå Ålesund, og varer ca. 6 timar per dag. Både skikøyrarar og splitboardarar er velkomne!
Er du usikker på om dette kurset passar for deg? Ta kontakt med Ræin for ein uforpliktande prat.
Kilde: Ålesund & Sunnmøre