Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Loen

Topptur frå Loen Skylift

Med Loen Skylift kjem du 1011 høgdemeter opp, og kan då starte skituren med friske og opplagde bein. Eit fantastisk fjellandskap opnar seg opp frå Hoven, og du har mange moglege toppar å velge i, og enda fleire nedkøyringar.

Guide er anbefalt på toppturar frå Loen Skylift. Breogfjell har internasjonalt sertifiserte tindevegledarar og tilbyr guida turar. Dersom du planlegg tur på eiga hand er det avgjerande at du har naudsynt kompetanse for sikker ferdsel i vinterfjellet. Sjekk snøskredvarselet før du legg ut på tur, og bruk skredutstyr.

Alpine skiturar frå Hoven – toppstasjonen til Loen Skylift.

Den nye gondolen i Loen tek deg rett frå Hotel Alexandra ved fjorden til Hoven 1000 over havnivå. Hoven er eit utgangspunkt for ei rekke spektakulære alpine skiturar. Skal ein ned igjen til fjordnivå må man gjennom komplekst terreng og flere av nedkjøringene går på bre.

Under presenterer noen alternativer av ulik vanskelighetsgrad og lengde. Vi anbefaler å bruke kvalifisert guide. Loen Active samarbeider med Breogfjelll sine IVBV/UIAGM/IFMGA-sertifiserte fjellguidar.

Kort tur

Frå toppstasjonen går du 150 høgdemeter til Skredfjellet. Herifrå kan ein velge ulike nedkøyringar frå mellom 300 til 1000 meter avhengig av snø- og værforhold, og ferdighetsnivå.

Medium til lang tur
Frå toppstasjonen må ein først gå 400 høgdemeter til Staurinibba. Denne toppen byr på 600 høgdemeter nedkøyring med fjordutsikt til Lohøgsætra. Frå denne stølen kan ein enten gå opp igjen til Hoven, og halde fram nedkøyringa til Loen, eller gå for ei ny bestigning av Sundshyrna, Dispahyrna eller Geitafjellshyrna. Desse toppane byr på opptil 1600 høgdemeter nedkøyring til Strynedalen (motsatt side av Loen), og på slutten av dagen vil du ha stått over 2000 meter ned på ski og kun gått opp 1400.

Lang til meget lang tur
Det første alternativet startar ved å bruke heisane til Stryn Vinterski opp til 1000 m.o.h. Herifrå går vi vidare opp til Natakupa (400 høgdemeter) før vi køyre ned opptil 1300 høgdemeter til dalen. Etter lunch på ein av dei koselege kafeane i Stryn sentrum tek vi taxi til Loen Skylift og velger oss eit av alternativa som er beskrevet over. Dersom snøforholda ligg til rette kan vi få opp til 3300 meter nedkøyring denne dagen.

Det andre alternativet byr på den spektakulære Hoven – Storskredfjellet traversen. Har du køyrt ned frå Strynefjellet har du garantert lagt merke til den slåande vakre fjelltoppen med den diamantforma breen som tronar over Oppstryn den toppen er Storskredfjellet og Breogfjell kan ta deg med på ski ned den breen. Turen byr på fleire valg. Det kortaste krever 1400 høgdemeter oppstigning og gjev 2100 meter nedkøyring. Det er også muligheter for å legge inn fleire kortare nedkøyringar og oppstigningar i fleire av dalane og rennene ein passerer på traversen mot Storskredfjellet.

Last updated: 12/06/2023

Source: Nordfjord

Topptur frå Loen Skylift

Sider du nylig har besøkt