Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Nordfjord Stryn

Topptur i Stryn | Uteguiden

  • 40 55 46 70
  •  /  km From You
Overview

I Stryn har vi mange fine fjell for toppturar på ski, heile vinteren gjennom. Fjella i Stryn er høgare enn på Sunnmøre og Stranda men ikkje like spisse, noko som gjer dei ypperlege for skikøyring. Klimaet er noko tørrare en lengre ut mot kysten og blir difor ikkje like værutsatt. Dei høge fjella gjer at klimaet varierer på korte avstandar, noko som gjer at vi ofte har gode moglegheiter å finne tørr snø.

Med si plassering mellom Romsdalen, Sunnmørsalpene og Sogndal har Stryn blitt litt av ei bortgløymt perle på vinterstid. Vi har som regel fjella for oss sjølv og får ofte førstesporet ned.

Når vinteren er over og sommaren på veg inn åpnar Stryn Sommarski opp for skikøyring i verdsklasse. Folk kjem frå heile verda for å stå på ski på Stryn Sommarski – og blir dykk med oss ein dag forstår dykk kvifor.

Kombinasjonen med kortare toppturar ut frå skianlegget og lengre turar fra Grasdalen gir oss veldig gode forhold for både nybegynnar og ekspert. Med desse gode forutsettingane får vi ein svært lang topptur-sesong som ofte varer heilt ut i august.

Gruppestørrelsar Er dykk ei gruppe kan vi tilpasse turen etter gruppa si ønske om topp, tempo osv. Vi jobbar i utgangspunktet med private grupper men om de har lyst på tur i lag med andre kan de seie ifrå om dette på førehand.

Leige skiutstyr Har du lyst å prøve lett toppturutstyr? Då har du moglegheit å leige det frå oss i forbindelse med turen. Vi har rando-pakkar frå Dynafit med både smale og breie ski som passar rådande snøforhold. Les meir her.

Safety first! Som første guide-firma i Norge tilbyr vi no lån av skredsekkar til alle våre gjestar - dette er inkludert i prisen på alle guidingane våre. Om du nokon gong skulle bli tatt i skred er ein skredsekk det einaste som kan auke sjansen for å overleve - forutan rask og god redningsinnsats. Våre guidar tar ikkje større sjanse sjølv om alle i følgjet bruker slike sekkar, men vi ønskjer å tilby våre gjestar alle dei gode sikkerhetsnetta som fins på marknaden. I videoen under kan du sjå korleis sekken virkar.

Er topptur noko for meg? Vi klarer å tilpasse turen etter dykkar ønske og har hatt med gjestar på tur som er mellom 12 og 72 år og nybegynnar som frikjøringsproff. Med eit stort utvalg av fjell så finn vi garantert noko som passar for akkurat deg.

Skreddarsydd Når vi seier skreddarsydd så meiner vi at vi kan tilpasse alt rundt turen til dykkar ønske. Vi kan lage eit tilbod som passar til dykkar ønske, alt frå destinasjon, antall deltakerar, tidsforbruk, vanskelegheitsgrad til overnattings-standard.

Dersom de ønskjer å ta ein kviledag i skianlegget eller prøve på noko heilt nytt i løpet av den dagen ordnar vi med det og. Heilt enkelt skreddarsydd etter dykkar ønske.

 

INFO

Pris frå 3900 NOK / guide max 6 gjestar/guide - pris gjeld per person.

Datoar: Desember - August

Lengde på tur: 1-10 dager

Inkludert i pris: - Guide - Skredutstyr (spade, søkestang, skredsøker) - Skredsekk (Mammut R.A.S)

Forsikringar Husk å sjekke så at di forsikring dekkjer skikjøring i fjellmiljø og offpiste.

BOOKING


  • Last Updated:
  • Source: Visit Nordfjord
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad