Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Stryn

Topptur i Stryn | Uteguiden

  • +47 40554670
  •  /  km From You
Overview
Details

I Stryn har vi mange fine fjell for toppturar på ski, heile vinteren gjennom. Fjella i Stryn er høgare enn på Sunnmøre og Stranda men ikkje like spisse, noko som gjer dei ypperlige for skikjøring. Klimaet er noko tørrare en lengre ut mot kysten og blir derfor ikkje like værutsatt. Dei høge fjella gjer at klimaet varierer på korte avstandar, noko som gjer at vi ofte har gode moglegheitar å finne tørr snø.

Med sin plassering mellom Romsdalen, Sunnmørsalpene og Sogndal har Stryn blitt litt av ein bortglemt perle i vinterstid. Vi har som regel fjellene for oss sjølv og får ofte førstesporet ned.

Når vinteren er over og sommeren på vei inn åpnar Stryn Sommerski opp for skikjøring i verdensklasse. Folk kjem frå heile verda for å stå på ski på Stryn Sommerski – og blir dykk med oss en dag forstår dykk kvifor.

Kombinasjonen med kortare toppturar ut frå skianlegget og lengre turar fra Grasdalen gir oss veldig gode forhold for både nybegynnar og ekspert. Med desse gode forutsettingane får vi en svært lang topptur-sesong som ofte varer heilt ut i august.

Gruppestørrelser

Er dykk ein gruppe kan vi tilpasse turen etter gruppas ønske om topp, tempo osv. Vi jobbar i utgangspunkt med private gruppar men om de har lyst på tur i lag med andre kan dykk seie ifra om dette på forhånd.

Leige skiutstyr

Har du lyst å prøve lett toppturutstyr? Da har du moglegheit å leige det frå oss i forbindelse med turen. Vi har rando-pakker fra Dynafit med både smale og breie ski som passar rådende snøforhold. Les meir her.

Safety first!

Som første guide-firma i Norge tilbyr vi no lån av skredsekkar til alle våre gjestar - dette er inkludert i prisen på alle guidingane våre. Om du nokon gang skulle bli tatt i skred er en skredsekk det eineste som kan auke sjansen for å overleve - forutan rask og god redningsinnsats. Våre guidar tar ikkje større sjanse sjølv om alle i følgjet bruker slike sekkar, men vi ønskjer å tilby våre gjestar alle dei gode sikkerhetsnetta som finns på marknaden. 

I videoen under kan du sjå korleis sekken virkar.

Er topptur noko for meg?

Vi klara å tilpasse turen etter dykkar ønske og har hatt med gjestar på tur som er mellom 12 og 72 år og nybegynnar som frikjøringsproff. Med eit stort utvalg av fjell så finner vi garantert noko som passar for akkurat deg.

Skreddersydd

Når vi seier skreddarsydd så meinar vi at vi kan tilpasse alt rundt turen til dykkar ønske. Vi kan lage eit tilbud som passar til dykkar ønske, alt fra destinasjon, antall deltakara, tidsforbruk, vansklighetsgrad til overnattings-standard.

Dersom de ønsker å ta en kviledag i skianlegget eller prøve på noko heilt nytt i løpet av den dagen ordnar vi med det og. Heilt enkelt skreddarsydd etter dykkar ønske.

INFO

Pris: 1 gjest/guide = 3500 NOK

2 gjestar/guide = 1850 NOK

3 gjestar/guide = 1350 NOK

4 - 6 gjestar/guide = 1200 NOK

max 6 gjestar/guide - pris gjeld per person.

Datoar: Desember - August

Lengde på tur: 1-10 dager

Inkludert i pris:

- Guide

- Skredutstyr (spade, søkestang, skredsøker)

- Skredsekk (Mammut R.A.S)

Forsikringar

Husk å sjekke så at di forsikring dekkjer skikjøring i fjellmiljø og offpiste.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Ekspert
  • Middels
Årstid
  • Vår
  • Vinter

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Guiding
Alpint
  • Off-piste
Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)

Facts

Effort Level
Expert
Duration
5-12 hours
Season
Spring
Click to activate
Stryn, Norway
The latitude and longitude
61° 54' 15" N / 6° 43' 22" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad