Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Jotunheimen Lom

Topptur på ski: Galdhøpiggen frå Leirvassbu - klassisk fjellskitur (2469 m.o.h.)

  • Leirdalsvegen, Lom
  • +47 61219090
  •  /  km From You
Overview

TOPPTUR TIL GALDHØPIGGEN FRÅ LEIRVASSBU 2469 m.o.h. Landets vakraste fjellskitur!

Turen frå Leirvassbu til Galdhøpiggen vert av mange sett på som vakraste fjellskituren landet kan by på. 

Beste utgangspunkt: Leirvassbu
Antall høgdemeter totalt: Ca. 2300
Turlengde: 11 – 13 timer tur-retur
Ver obs på: Bratt opp til Porten. Isøks og stegjern kan kome godt med.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern. Bre- og sikringsutstyr må vurderes.
Anbefalt skiutstyr: Fjellski
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Krevende
Ned: Krevende
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevende
Brattaste parti: Ca. 40° mellom Storjuvbrean og Porten

Frå Leirvassbu fylger du kvista løype gjennom Visdalen til omlag 1300 meter høgde. Frå her skrår du oppover i retning Bukkeholsbrean. Bukkeholsbrean er best å gå på høgre side oppover for å unngå den brattaste og mest oppsprukne delen. Når du har kome opp på breplatået siktar du deg inn på Bukkeholsbandet og kryssar dette ut på Tverråbrean. Deretter legg du kursen over Nedre Tverråbandet, noko som er eit betre og sikrare alternativ enn det øvre. Frå Nedre Tverråbandet gjev du deg inn på Nørdre Illåbrean, og fylger denne i nordleg retning til du kjem til den bratte bakken opp til Illåbandet. Denne er totalt ca. 200 høgdemeter og oppimot 30 grader på det bratteste, så avhengig av snøforhalda kan det tidvis/stedvis vera behov for å bera skia på sekken. Kryss Storjuvbrean i retning Porten. Opp til Porten er det oppimot 40 grader bratt, så normalt må skia berast på sekken. Mange føretrekkjer her stegjern og isøks. Når Porten er passert kjem du over på Styggebrean og fylger denne eit par kilometer til du kommer til ryggen aust for Galdhøpiggen sin toppunkt. Ryggen i seg sjølv er enkel å fylge til topps, men tidvis kan den vera avblåst, så avhengig av snøforhalda kan det vera behov for å gå til fots. Primært same veg attende, men det finst fleire alternative ruteval. Har du tid og krefter til overs på returen er eit besøk oppom Vakkerbandet eit alternativ som kan tilråast.

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages