Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Gudbrandsdalen Lom

Topptur på ski: Semelholstinden (2147 m.o.h.)

  • Leirdalsvegen, Lom
  • +47 61219090
  •  /  km From You
Overview

TOPPTUR TIL SEMELHOLSTINDEN, 2147 m.o.h. Tiltrekkjande kremtopp med fleire leikne nedkøyringsval!

Ein av dei mest tiltrekkjande kremtoppane med moglegheit for nydeleg skikøyring!

Beste utgangspunkt: Leirvassbu, Spiterstulen eller Olavsbu
Høgdeforskjell: 1050 meter fra Spiterstulen, 750 meter fra Leirvassbu.
Antatt tidsbruk: 5–7 timer, der 1–2 timer er retur
Ver obs på: Tidvis overhengende toppskavl. Oppsprukke isbre med stedvis open blåis. 
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks og skarejern. Breutstyr må vurderast.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski
Vanskelighetsvurdering: 
Opp: Middels
Ned: Middels
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevende
Brattaste parti: 30°

Fylg kvista skiløype mot Spiterstulen til du kjem til Kyrkjetjønne. Her er det mogleg å skrå av mot Visbrean, og sikte seg inn på moreneryggen vest for breen. Sjølve moreneryggen er bratt, laus og normalt avblåst, men det er fullt mogleg å krysse denne på fleire stader. Det er likevel eit betre alternativ å gå sjølve fjellryggen vest for moreneryggen oppover til ca. 1650 meters høgde. Her er det ei vindgryte som dannar ein naturlig inngang til breen. Det er og eit alternativ å fortsette langs den kvista løypa eit stykke lenger nedover Visdalen, og gå inn på brefallet nedanifrå. Brefallet i seg sjølv er ikkje stort brattare enn omlag 30 grader. Oppe på sjølve breen rundar du Semelholstinden, og gjer bestiginga fra sør. Det siste stykket før toppen kan være noko avblåst, og snøforholda her varierer fra år til år.  Nedkøyringa fylger primært same rute som bestiginga. Flest høgdemeter nedkøyring oppnår du ved å fylge naturleg fall-line heilt ned til Visdalen. Det er og mogleg å gjere nedkøyringa mot sør, ned til Langvatnet. Du krysser i så fall Visbrean mot sør, og fylger dei slake terrengformasjonane mellom Langvasshøe og dei Sørvestre Urdadalstindane. Her er det ofte gode snøforhold og terrengformasjoner som gjev leiken skikjøring. Semelholstinden er eit flott fjell å ta som rundtur eller del av haute route mellom Leirvassbu, Spiterstulen og/eller Olavsbu.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages