Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Gudbrandsdalen Lom

Topptur på ski: Store Smørstabbtinden (2208 m.o.h.)

  • Leirdalsvegen, Lom
  • +47 61212990
  •  /  km From You
Overview

TOPPTUR TIL STORE SMØRSTABBTINDEN, 2208 m.o.h. Vakraste vårskituren i verda!

Klar for vakraste vårskituren i verda? Store Smørstabbtinden i strålande vårsol er det ikkje mykje som slår!

Beste utgangspunkt: Breabakkan i Leirdalen
Høydeforskjell: Ca. 1210 meter
Antatt tidsbruk: 7–9 timer, der ½-1 time er retur
Ver obs på: Luftig toppunkt med tidvis overhengande toppskavl. Utglidningsfare på hardt underlag.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + skarejern. Breutstyr må vurderast.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée. Tur på fjellski er best fra Krossbu. Lang anmarsj og flate partier gjør turen lite egnet for snowboard.
Vanskelighetsgrad:
Opp: Middels
Ned: Middels
Veivalg: Vurderings- og navigasjonskrevande
Bratteste parti: I overkant av 30°.

Turen startar ved Breabakkan, der Leira kryssast på sikker stad. Fylg det bølga terrenget oppover mot Storbrean, og fortsett oppover breen i retning Sokse. På ca. 1640 meters høgde bratner breen til, og det kan være behov for å traversere ca. hundre høgdemeter i terreng som er ca. 30 grader bratt. Etter dette flater breen ut, og du legg kursen mot nordvest og sikter deg inn på høgdemerket med 1857 moh. på kartet. Frå her fylges den ca. 25 grader bratte ryggen/flanken opp til toppunktet. Omtrent halvvegs oppe på ryggen/flanken vert det noko brattare, før det igjen flatar ut. Nedkøyring velges primært same veg som opp. 

Ei meir utfordrande nedkøyringsline vil vera å køye ned – eller ved sidan av – brefallet ved foten av Storbreahøe. Dette brefallet er bratt og godt oppsprukket, og får sjeldan full snødekning på vinteren. Denne lina bør difor sjekkast og avklarast på veg oppover. 

Ein rundtur av det magiske slaget, er å gå turen opp til Store Smørstabbtinden og deretter fortsette over Storbreatinden, Veslbreatinden og Hurrbreatinden. Nedkjøring kan veljast anten over Veslbrean eller Hurrbrean. Veljast Hurrbrean, vil du ende opp med å krysse Leira over Geitbrua. Hurrbrean har normalt god snødekning, men ver merksam på et sprekkområde midt på breen mellom 1600 og 1700 meters høyde. 
Dette kan vera vanskeleg å sjå når ein kjem ovanfra. Hold difor anten godt til høgre eller til venstre når du kjem til denne høgda. Sjå turbeskrivinga til Bakarste Skagsnebb eller Veslfjelltinden, der skiturane over Hurrbrean er beskrive.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages