Jondal

Torsnesstølen/Fjelltveit

  • Torsnesstølen ved Torsnesvatnet – idyllisk stølsområde omgjeve av fjell og grøne lier i Hardanger.
  • Utsikt frå Torsnesstølen mot Torsnesvatnet – vakker natur og roleg landskap i Hardanger.
  • Torsnesvatnet speglar haustfargane i fjella – eit stemningsfullt motiv frå Fjelltveit i Hardanger.
  • Send oss en epost

  • +47 95 11 77 92

Fottur gjennom eit frodig landskap på nordsida av Torsnesvatnet. Det er mange stølar og hytter ved Torsnesstølen ved den austlige enden av fjellvatnet.

Startpunkt

Køyr til Torsnes, 7 km sør for Jondal sentrum. ​​​Fortset deretter opp til enden av ein lokal veg (sjå kart).



Om turen

Fottur gjennom eit frodig landskap på nordsida av Torsnesvatnet. Det er mange stølar og hytter ved Torsnesstølen ved den austlige enden av fjellvatnet. Du går i god skogsti oppover langs Torsneselva til du kjem til brua på hovudvegen Jondal – Nordrepollen. Det er ei trapp under brua. Vidare oppover på grusveg ca 300 m til ein kryssande veg. (Går du til høgre kjem du over Libru og opp i skogsbilveg som går til Vetlavatnet). Ta til venstre ca 100 m. Det er skilta og merkt vidare i skogsterreng og gamalt kulturlandskap med utslåttar, utløer og vårflorar langs Torsneselva opp til Torsnesvatnet og Vassvikane. Du kan gå vidare til Fjelltveit eller til bilveg ved Vetlavatnet.



Parkering: Ved enden av lokalvegen forbi Stølheim / Mjøsstølen.

Parkeringsavgift: gratis, bomveg 50 kroner

Lengde: 4 km (ein veg)

Total stigning: 80 meter

Total gangtid: 3 timar

Sesong (gjennomsnittlig år): Mai - November


  • Sommer

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS