Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Etne

Traktorsafari til Eikemostølen i Åkrafjorden

  • +47 95909664
  •  /  km From You
Overview
Details

Bli med til Eikemo - gardane på den veglause sida av Åkrafjorden ”der ingen skulle tru at nokon kunne bu”.
Båttur og traktorsafari der du får sjå gardane, oppleva stølslivet og helsa på folket og geitene. På tilbaketuren går båten heilt oppunder ein av verdas vakraste fossar - Langfoss.


Turen startar frå Teigland (Åkrafjordtunet) med båttur til hi sida av Fjorden der Geir Arne ventar med traktor og passasjerhengar. Turen sniglar seg opp den bratte grusvegen medan bonden sjølv guidar og fortel med humoristisk snert undervegs. Landskapet opnar seg, og me besøkjer sjarmerande gardstun på Eikemo der seks personar bur fast heile året. Ny etappe i hengjaren, og me er framme på Eikemostølen, 6 kilometer frå fjorden. Rundt på stølsvollen ligg stølshus frå 1800-talet side om side med nytt fellesfjøs som er i drift heile sommaren. Her er stille og fredeleg, berre lyden av elvebrus og bjølleklang - og inga mobildekning. På stølen kan du bli med bonden og helsa på dei folkekjære geitene, og kanskje få smaka geitemjølk eller osten Chèvre. Du kan nyta medbragt niste ute eller inne i lavvoen der me kokar kaffi over bålet. Etter ein fredeleg pause er det tid for å stiga i tilhengaren igjen, eller kanskje du ønskjer gå til fots ned igjen til kaien. Siste høgdepunktet på turen er eit kort fjordcruise der du får oppleva Langfoss på nært hald. Fossen har eit fall på 612 meter og er kåra til ein av dei ti vakraste fossane i verda. Ei makelaus oppleving!


Avgong frå Teigland laurdagar i juli og august. Elles etter avtale.


I sesongen kan det også bestillast traktorsafari til Eikemostølen frå Åkra med minimum 8 påmelde.


Hugs: Joggesko/fjellsko/støvlar, klær til å vera ute i, kamera og niste. Turen kan arrangerast for grupper til eigen pris på ønska dag i utvida sesong

Frist for bestilling: kl. 17:00 dagen før


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Rabatt
  • Familie

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Familievennlig

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Båtturer
  • Guidede turer
  • Vandring

Plenlegg reisen

Tjenester
  • Familievennlig

Aktiviteter

Fornøyelsesparker
  • Familievennlig
Click to activate
Etne, Norway
The latitude and longitude
59° 48' 15" N / 6° 12' 52" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad