Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview
Details

Traudalsvibbar Kva er det med Traudalsnibba som får lokale galningar til å byggje ei hytte rett oppunder toppen? Ein ting er utsikta.  Den høgreiste fjellprofilen nær Sandane inst i Gloppenfjorden, byr på ei toppoppleving av dei sjeldne. Rett før toppen får du ei overrasking: Nibbehytta. Eit lite krypinn. Bygd opp att av entusiastar, etter at gamlehytta vart tatt av vêr og vind. En plass ein kan søkje ly, om ein ikkje vil ned att i dalen med det same. Lett å bli verande, når humøret er på topp.

Utgangspunkt for turen er frå Ryggjastøylen. For å kome hit køyrer du til Grov på Sørstranda. Det går skogsbilveg heilt fram til støylen. Frå parkeringsplassen går stien mot Traudalsvatnet. Etter ca. 500 m tar du til venstre og går over Geitebrua. Kort etter tar stien til Traudalsnibba av til venstre og går bratt opp lia. Over skoggrensa flatar det litt ut, deretter vidare mot Botnen, men rett før vatnet tek du til høgre opp til Nibba/Nibbehytta. Så følgjer stien ryggen heilt til toppen og Traudalsnibba.

Traudalsnibba er ein av Fjordspor-turane - 20 magiske vandreopplevingar i Nordfjord www.nordfjord.no/fjordspor


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Ekspert
  • Middels
Landskap
  • Fjellområde
Årstid
  • Vår
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)
Click to activate
Gloppen, Norway
The latitude and longitude
61° 45' 32" N / 6° 5' 52" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad