Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Voss

Tre Brør Kafé & Bar

  • Hålandshuset, Vangsgata 28, Voss
  • 95 10 38 32
  •  /  km From You
Overview

Tre Brør er ein koseleg kafé og bar plassert midt i Voss sentrum. Kaféen oppe har eit godt utval av lunjs- og middagsrettar. Baren i kjellaren kan blant anna skilte med 20 typar norske øltypar på tapp.

Kaféen serverer mat basert på lokale råvarer i koselege lokaler og menyen varierer frå sesong til sesong. Dei har eit stort fokus på kaffi og gjer blant anna handbrygg-kaffi (V60, Aeropress og Chemex). På sommarstid kan du nyta både kaffi og god mat på den fine uteserveringa midt på torget. 


Sommaren 2015 vart det nye eigarar av Tre Brør Kafé og Bar. Baren har fått eit nytt uttrykk og er i dag kun ølbar med eit lite utval whiskey, Cognac, vin og lokal cider. Tre Brør kan skilta med 20 forskjellige øltypar frå norske mikrobryggeri på tapp, samt omtrent 80 forskjellige flaskeøl frå rundt om i verda.

Det vert stadig vekk arrangert konsertar og DJ-kveldar, samt faste Jam-torsdagar. Kunsutstillingar og boklanseringar etc er óg mogeleg å få med seg på Tre Brør.

Opningstider Kafé:
Sundag - onsdag: 10.00 - 22.00
Torsdag - laurdag: 10.00 - 23.00
Kjøkkenet er ope til kl. 21.00 kvar dag

Opningstider Bar:
Onsdag: 20.00 - 01.00
Torsdag - laurdag: 20.00 - 02.30


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 37' 44" N / 6° 25' 6" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad