Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Nordfjord Stryn

Trollbil til Briksdalsbreen

  • 57 87 68 05
  •  /  km From You
Overview

DEN VAKRASTE BILTUREN

I meir enn hundre år hadde bøndene i Oldedalen frakta turistar med hest og kjerre inn til vakre Briksdalsbreen. I 2004 valde ein å leggje ned dette tilbodet, og i staden tilby turen til breen med spesielle "Trollbilar". Turen går frå haldeplassen like ved souvenirbutikken i Briksdal - og vegen slyngjer seg i vakker natur opp langs fossar og stryk i Briksdalen. Frå endestasjonen på Kleivane og inn til vatnet ved Briksdalsbreen er det ca. 500 m å gå. Stien er brei og fin og her vandrer du gjennom urørt natur i Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Ein rundtur med Trollbilen tek ca. 1,5 time, inkludert stans på toppen. Maks kapasitet pr. bil er 7 personar. Maks kapasitet pr. avgang er totalt 84 personar.

Sesong fra mai – oktober. I skuldersesongen (mai og oktober månad) MÅ turane tingast på førehand.

 

RUTETIDER

AVGANG FRÅ BRIKSDAL: 09.00 / 09.45 / 10.15 / 11.00 / 11.45 / 12.15 / 13.00 / 13.45 / 14.15 / 15.00 / 15.45 / 16.15 / 17.00 Det er bygd rampe ved start i Briksdal og ved endestasjonen på Kleivane, så det er lett og kome seg opp i og ut av bilane. Det er viktig å bestille i god tid, då denne turen er svært populær.

 

KOME HIT

Frå Olden kai kan du ta Brebussen inn til Briksdalen for å oppleve den vakre Briksdalsbreen. Kombinere gjerne turen til breen og Nasjonalparken med eit besøk i verdsarvområda kring Geiranger. Rutetider finn du her.

 

Sjå filmar frå Briksdal her:

https://www.youtube.com/watch?v=BsriclQ7unc

https://www.youtube.com/watch?v=b59ckQ7Bitg

https://www.youtube.com/watch?v=9vZb_nuDRyQ


  • Last Updated:
  • Source: Visit Nordfjord
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad