Tyssedal

Trolltunga & andre fjelltoppar i Hardanger

Bestill
  • Topptur i Hardanger med storslått utsikt over Hardangerfjorden og snødekte fjell.
  • Deltakarar med snøsko i mjukt kveldsslys over fjellplatået ved Trolltunga.
  • Turgåarar tek ei pause og ser mot solnedgangen over fjella ved Trolltunga.
  • Gruppe med trugar vandrar over snødekt vidde på veg mot Trolltunga.
  • Skituristar nyt utsikta frå fjelltopp i Hardanger med fjord, bre og snødekka landskap.
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 99112121

  • Skjeggedal 20

    Ullensvang, Vestland

    Vis i kart

Bli med Trolltunga Active og dei røynde guidane deira på eit ferdigpakka vintereventyr til Trolltunga og andre spektakulære fjelltoppar i regionen

Ta med vener, kollegaer og/eller partnaren din på ei spektakulær oppleving i Hardanger!



Bli med Trolltunga Active og dei røynde guidane deira på eit ferdigpakka vintereventyr til Trolltunga og andre fjelltoppar i regionen. Pakken, som går frå fredag til søndag, inkluderer også trerettars middag og tre glas sider frå Hardanger på Trolltunga Hotel. Det er også mogelg å booka ei sidersmaking med ulike produsentar. Dette kostar 400 kroner og har ei aldersgrense på 18 år.



Program:



Torsdag: Ankomst. Overnatting er ikkje inkludert i pakken, men det er mogleg å booka hjå partnarhotellet Trolltunga Hotel. Odda og området rundt Trolltunga har også ei rekke andre overnattingsstader tilgjengeleg for booking.



Fredag: Guida dagstur på truger til enten Oksen eller Melderskin. Ein får låna truger av Trolltunga Active, men dersom du ynskjer å bruka eigne ski, kan du det.



Laurdag: Guida dagstur til Trolltunga. På kvelden er det servering av trerettars middag og tre glas lokalprodusert sider frå Hardanger på Trolltunga Hotel.



Pakken som kostar 3.830 kroner, er tilgjengeleg i tidsrommet 31.01 – 30.04 og inkluderer fylgjande:



* Truger og stavar



* Lunsj på førespurnad



* Middag og 3 glas sider frå Hardanger



* Guide



Pakken har ei aldersgrense på 15 år, men passar best for personar i aldersgruppa 25 – 45. Dette er ein til dels krevjande tur og passar ikkje for personar med kneskadar og/eller andre skadar. For meir informasjon, sjå Trolltunga Active sine heimesider.


  • Vinter
Pakke – Pakkepris3 830 NOK *
* Pris fra

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS