Odda

Trolltunga Hotel

Bestill
  • Trolltunga Hotel ligg idyllisk til ved elva med vakker utsikt over fjella i Hardanger.
  • Velkomen til Trolltunga Hotel – eit sjarmerande hotell i hjartet av Hardanger.
  • Moderne og komfortable rom på Trolltunga Hotel, perfekt for kvile etter ein fjelltur.
  • Nyt ei avslappande overnatting i eit stilfullt rom på Trolltunga Hotel.
  • Eit rom med fantastisk utsikt over Hardangerfjorden – ein perfekt stad å lade opp.
  • Nytt, moderne bad med romsleg dusj på Trolltunga Hotel.
  • Start dagen med ein smakfull frukost og panoramautsikt over Hardanger.
  • Ein lun og koseleg lounge der du kan slappe av etter ein dag med eventyr.
  • Dekorativ vegg med bilete inspirerte av naturen i Hardanger på Trolltunga Hotel.
  • Ein moderne bar med gyldne detaljar – perfekt for ein hyggeleg kveld på Trolltunga Hotel.
  • Nyt ein kopp kaffi i den vakre hotellhagen med utsikt over Hardangerfjorden.
  • Magisk utsikt mot fjella og landskapet i Hardanger frå eit rundt hotellvindauge.
  • Stilige handkleoppheng inspirerte av klatreutstyr – ein hyllest til friluftslivet i Hardanger.
  • Spektakulær kveldsscene med fjord, elv og fjell opplyst av dei siste solstrålene.
  • Trolltunga Hotel – aktivitetsbasert overnatting i Hardanger, nært spektakulære naturopplevingar.
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • +47 40 00 44 86

  • Vasstun 1

    Ullensvang, Vestland

    Vis i kart

Sov komfortabelt i nydelege omgjevnader på Trolltunga Hotel i Odda, Hardanger. Hotellet er ei perfekt base for deg som vil gå Trolltunga eller vera med på ei anna av Trolltunga Active sine turar.

Trolltunga Hotel i Odda, Hardanger, er eit sjelfullt naturhotell med fokus på miljøet. Det vakre villabygget som ligg vakkert til mellom fjorden og Sandvinvatnet, har vore gjennom fleire oppgraderingar sidan oppføringa i 1928. I 2017 vart hotellet nøye renovert, og det siste året har dei bygd ein mykje større restaurant og utvida med fleire rom – alle med flott utsikt til stupbratte fjell, fossar og brevatn. I det nye bygget kan du velja mellom PLUS- og standard-rom, samt rimelege alternativ som rom med delt bad eller sovesal.



Hotellet jobbar tett med aktivitetsselskapet Trolltunga Active, og målet er å gje dei eventyrsøkande gjestane ein avslappande atmosfære for å lada batteria før dei skal utforska naturen i regionen.



I underetasjen, med eit nytt påbygg i glas, finn du Trolltunga Restaurant. Her tilbyr dei à la carte-meny i moderne lokalar med industriell og skandinavisk stil. Fokuset er å gje gjestane ei fin smaksoppleving med mat og drikke baserte på lokale råvarer, kreativitet og kvalitet. Velkomen til Trolltunga Hotel!


  • Hele året
  • Fottur
  • Guidede turer

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS