Tyssedal

Trolltunga Private Camp - Trolltunga Adventures

Bestill
  • Bålpanne med åpen ild på en fjelltopp ved solnedgang med utsikt over en fjord.
  • En person står alene på Trolltunga med utsikt over fjorden på en klar dag.
  • Geodetiske telt på fjelltoppen ved solnedgang med utsikt over en fjord.
  • En gruppe mennesker sitter på fjellet og ser på solnedgangen over en fjord.
  • Vandraren ser utover den spektakulære utsikta ved Trolltunga i Hardanger.
  • Privat teltleir med fantastisk utsikt over fjella rundt Trolltunga.
  • Nyt lokal mat med fantastisk panoramautsikt ved Trolltunga Adventures.
  • Turgåarar utforskar Hardangers majestetiske fjellandskap med Trolltunga Adventures.
  • Vaknar til ein spektakulær utsikt over Hardangerfjorden frå teltet.
  • Turgåarar nyt morgonlyset medan dei utforskar fjella rundt Trolltunga.
  • Gruppe på vandring tar ein pause for å nyte den storslåtte utsikta over Hardangerfjorden.
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • Skjeggedal 1

    Ullensvang, Vestland

    Vis i kart

Opplev Trolltunga ved solnedgang og soloppgang i privat gruppe og med eigen guide. Trolltunga Adventures legg til rette for ein fantastisk overnattingstur, der naudsynt utstyr og mat er inkludert i prisen.

Dette er den private versjonen av “Trolltunga Classic”-turen til Trolltunga Adventures og passar for grupper på fire til åtte personar som ynskjer å ha både guide og camp heilt for seg sjølv. Perfekt for venner eller familie som ynskjer å oppleva Trolltunga og den spektakulare naturen i ein privat setting.



Trolltunga Private Camp, som går over to dagar, startar i Skjeggedal kl. 10.30 og er ein 10km lang tur med fantastisk utsikt over Ringedalsvatnet og Folgefonna.



Denne guida opplevinga inkluderer overnatting på privat camp, 1200 moh – ein kort tur unna sjølve Trolltunga. Her får du med andre ord høve til å oppleva Norges mest spektakulære fjellformasjon etter at dei fleste turgåarar har returnert til sivilisasjonen.



Framme ved målet kan du «sjekka inn» i teltet og eta god middag, før du har tid til å slappa av, nyta utsikta og skapa minner for livet. Dersom vergudane speler på lag, får du også sjansen til å nyta ein kopp varm sjokolade og laga S’mores rundt bålet. Dei som ynskjer, kan også ta eit forfriskande kveldsbad på ein hemmeleg badeplass før leggetid!



Neste morgon får du servert ein herleg frukost og kaffi/te i senga– før ferda går vidare til Trolltunga. Her får du oppleva det stemningsfulle morgonlyset, før ein returnerer attende til sivilisasjonen. Turen er vanlegvis ferdig mellom 14.00-15.00, men dette avhenger av verforhold og tempo.



Denne turen passar for personar med fjellerfaring, men med overnattinga er den noko meir overkommeleg enn dagsturen til Trolltunga.



Det er lett å reisa med offentleg transport til Odda både frå Bergen, Oslo, Stavanger og Haugesund.


  • Sommer

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS