Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

Trolltunga vinter med Trolltunga Adventures

Book

Opplev Trolltunga om vinteren på ein guida tur med Trolltunga Adventures frå mars til mai!

Bli med Trolltunga Adventures på eit vintereventyr til verdas mest spektakulære fjellformasjon, Trolltunga.  

Turen, som byr på utsikt til høge toppar, djupe dalar og buldrande fossar, er med guide og strekk seg over 10-12 timar. Pris per person er 1650 kr.

Trolltunga byr på spektakulære opplevingar året rundt, men på vinterturen til Trolltunga Adventures får du det vetle ekstra. I tillegg til at du slepp dei lange køane for å ta bilete, får du eit heilt anna møte med landskapet med fleire meter snø på bakken.

Naudsynt utstyr*, lunsj med lokale råvarer, varm drikke og snacks frå regionen er inkludert i prisen. Sjå Trolltunga Adventures sine heimesider for full oversikt.

Velkomen til ei spektakulær oppleving med Trolltunga Adventures!

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Trolltunga vinter med Trolltunga Adventures

Book

Sider du nylig har besøkt