Tyssedal

Trolltunga Winter Sunset

Bestill
  • Opplyst geodome i snødekt fjellandskap under stjerneklar vinterhimmel ved Trolltunga.
  • Deltakarar med snøsko i mjukt kveldsslys over fjellplatået ved Trolltunga.
  • Turgåarar tek ei pause og ser mot solnedgangen over fjella ved Trolltunga.
  • To trugevandrere i bratt vinterterreng med utsikt over fjorden ved Trolltunga.
  • Gruppe med trugar vandrar over snødekt vidde på veg mot Trolltunga.
  • Oppvarma geodome lyser varmt i vinterlandskapet ved Trolltunga under klar nattehimmel.
  • Besøk nettsiden

  • +47 99112121

  • Skjeggedal 20

    Ullensvang, Vestland

    Vis i kart

Bli med Trolltunga Active og dei røynde guidane deira på eit ferdigpakka vintereventyr til Trolltunga. Pakken, som går frå fredag til søndag, inkluderer også trerettars middag og tre glas sider frå Hardanger på Trolltunga Hotel.

Ta med vener, kollegaer og/eller partnaren din på ei spektakulær oppleving i Hardanger!



Bli med Trolltunga Active og dei røynde guidane deira på eit ferdigpakka vintereventyr til Trolltunga. Pakken, som går frå fredag til søndag, inkluderer også trerettars middag og tre glas sider frå Hardanger på Trolltunga Hotel. Det er også mogelg å booka ei sidersmaking med ulike produsentar. Dette kostar 400 kroner og har ei aldersgrense på 18 år.



Program:



Torsdag: Ankomst. Overnatting er ikkje inkludert i pakken, men det er mogleg å booka hjå partnarhotellet Trolltunga Hotel. Odda og området rundt Trolltunga har også ei rekke andre overnattingsstader tilgjengeleg for booking.



Fredag: Guida overnattingstur til Trolltunga. Ein får utdelt truger og stavar til turen. Sjølve overnattinga skjer i ein gjennomsiktig dome med komfortable fasilitetar.



Laurdag: Guida tur tilbake frå Trolltunga. På kvelden er det servering av trerettars middag og tre glas lokalprodusert sider frå Hardanger på Trolltunga Hotel.



Pakken som kostar 5.100 kroner, er tilgjengeleg i tidsrommet 12.03 – 30.04 og inkluderer fylgjande:



* Truger og stavar



* Overnatting i dome frå fredag til laurdag



* Middag og frukost i domen



* Middag og tre glas sider frå Hardanger på Trolltunga Hotel



* Guide



Pakken har ei aldersgrense på 15 år, men passar best for personar i aldersgruppa 25 – 45 utan kneskadar og/eller andre skadar. For meir informasjon, sjå Trolltunga Active sine heimesider.


  • Vinter
Pakke – Pakkepris5 100 NOK *
* Pris fra

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS