Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Tyssedal

Trolltunga

  • Skjeggedal, Odda
  • +47 48070777
  •  /  km From You
Overview
Details

Trolltunga er ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i Noreg. Den ligg 1100 moh, omlag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet, tar 10-12 timar (totalt 23 km t/r) og høgdeforskjellen er ca. 900 m. Det er ein lang og krevjande tur. Det går T- merka sti frå parkeringsplassen i Skjeggedal til Trolltunga. Undervegs er det skilt som viser distansen du har gått og kor langt det er att. Trolltunga er tilgjengeleg frå omlag midten av juni, avhengig av når snøen smeltar, til midten av september. Det er viktig å vurdere om ein er i god nok form og har godt nok utstyr før ein startar turen. Det er ikkje mobildekning undervegs. ÅTVARING – IKKJE GÅ TIL TROLLTUNGA OM VINTEREN. Frå midten av mars kan ein bli med på guida truge- eller skitur med Trolltunga Active.


All naturbasert aktivitet er på eige ansvar. Det er viktig å ha gode fjellsko, ta med ekstra klede og vere førebudd på dårleg vêr. Ta med kart og kompass, rikeleg med mat og drikke, lommelykt og enkelt førstehjelpsutstyr. Vêret i høgfjellet kan endre seg raskt, sjekk derfor vêrmeldinga rett før du går til Trolltunga. Gå ikkje til Trolltunga dersom det er sterk vind, mykje nedbør eller tåke. Det er alltid kaldare på fjellet enn nede ved fjorden. Respekter naturen.


Kvart år er det redningsaksjonar etter turgåarar i vanskar. Vis aktsemd og ver godt førebudd for turen. Start tidleg om morgonen. Frå september er perioden med dagslys forholdsvis kort og nettene er ofte kalde, vi anbefaler derfor å starte seinast kl. 8.00 om morgonen.


Dersom ein ynskjer å overnatte undervegs må ein ta med eige telt.


Ta kontakt med Odda turistkontor for meir detaljert informasjon om turen, kart og overnatting turistkontor@odda.kommune.no


GUIDA TURAR TIL TROLLTUNGA
Aktivitetsselskapet Trolltunga Active tilbyr guida turar.
Alternativ 1: Guida fottur til Trolltunga (frå slutten av mai til midten av oktober).
Alternativ 2: Guida sykkel, fottur og via ferrata klatretur til Trolltunga (frå slutten av mai til midten av oktober).
Alternativ 3: Guida truge- eller skitur til Trolltunga (frå midten av mars til slutten av mai).
www.trolltunga-active.com


  


TRANSPORT OG PARKERING

MED EIGEN BIL:
Køyr Rv 13 til Tyssedal (6 km frå Odda). Frå Tyssedal føl du skilta Skjeggedal og Trolltunga. Etter om lag 7 km er du på parkeringsplassen i Skjeggdal. Bilen kan parkerast i Skjeggedal (200 kr/dag) eller i Tyssedal (100 kr/dag) (2016). Parkeringsavgifta vert nytta til fellesgode i området.


MED OFFENTLEG TRANSPORT:


MELLOM ODDA OG SKJEGGEDAL (startpunkt for turen til Trolltunga)
Trolltunga Shuttle: (15. juni – 15. sept.) Henting på sentrale overnattingsstader i Odda.
Plass må førehandstingast: www.oddataxi.no Tel: 53 64 14 44

Offentleg buss: Rute 995, www.skyss.no. 


REISE FRÅ BERGEN
Bussrute 930 Bergen-Odda www.skyss.no. (Ikkje førehandstinging, kontant betaling).

REISE FRÅ OSLO
Alternativ 1: Tog Oslo-Voss www.nsb.no
Bussrute 990 Voss-Odda www.skyss.no (Ikkje førehandstinging, kontant betaling).
Alternativ 2: Haukeliekspressen (buss) Oslo-Odda www.nor-way.no (kjøp billett på nett).


 


REISE FRÅ STAVANGER OG PREIKESTOLEN
I sommarsesongen går Trolltunga-Preikestolen ekspressen mellom Stavanger-Preikestolen-Røldal-Odda-Tyssedal-Lofthus-Kinsarvik. www.tide.no  (kjøp billett på nett).


  • Last Updated:
  • Source: Destination Hardanger Fjord AS

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Ekspert
Landskap
  • Fjellområde
Årstid
  • Sommer

Facts

Effort Level
Expert
Lansdscape
Mountain area
Season
Summer
Click to activate
Odda, Norway
The latitude and longitude
60° 7' 58" N / 6° 37' 34" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad