


Opplev brelandskapet på vinteren med naturrettleiar! Med truger på føtene tek vi deg med på tur der du får meir kunnskap om breen og får høyre dei dramatiske historiene frå brebygda
Turen er lett gått for personar i normal fysisk form, og varar i 2 timar. Turen går frå Breheimsenteret i Jostedalen og ein runde i Nigardsbredalen og tek ei god bålpause med varm drikke og noko godt å bite i. Når snøen ligg nyttar du truger, og er det bart går turen i variert terreng. Kom på dagstur eller overnatt i Jostedalen og kombiner turen med ein tur til blåisgrotta i Nigardsbreen, eller topptur i dei flotte Jostedalsfjella.
Turen passer for alle aldrar og tar om lag 2 timer.
Dagleg avgang på førespurnad, desember – april.
Påmelding seinast 3 dagar før tur.
Oppmøte: Kl. 11 ved parkeringa ved Breheimsenteret i Jostedalen.
Pris inkl. lån av truger og stavar.
Kilde: Visit Sognefjord AS