Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Flåm

Trugetur til utsiktspunkt

  • Postboks 68, Aurland
  • +47 57633323
  •  /  km From You
Overview
Details

TRUGETUR


-MED UTSIKT OVER FJORDEN

Turen byrjar med ein køyretur i minibuss langs Aurlandsfjorden og opp til det fantastiske utsiktspunktet Stegastein, 650 meter over havet. Før avreise får ein utdelt passande klede for tur i vinterfjellet. Undervegs fortel guiden om livet på fjellgardane som ein vil sjå langs vegen opp mot Stegastein, og ein ser plassar der ingen skulle tru at nokon kunne bu.  Vel framme gjer ein seg klar for trugetur. Ein får ei innføring i korleis gå på truger, og ein får høyre om historia bak trugene.


Undervegs fortel guiden om den dramatiske naturen, vinteren ved fjorden, og om den særeigne kulturen i området. Undervegs passerar ein utsiktspunkt der ein kan sjå fjorden mot den vesle bygda Undredal, innover til Flåm og alle dei høge fjelltoppane som omkransar den djupe fjorden under oss. Ved vendepunktet på turen  får ein servert noko varmt å drikke, og ein får moglegheit til å nyta den unike stillheita i naturen. Turen på truger tek om lag 1-1,5 timar.  Før ein køyrer tilbake til Flåm, blir det eit stopp ved utkikkspunktet Stegastein. Der blir tid til å ta bilete og nyte den storslegne utsikta over fjordlandskapet. På veg tilbake til Flåm fortel guiden gjerne endå meir om livet og folka som lever i dette unike fjordlandskapet. Turen passar for nybyrjarar.


Program:
-    Oppmøte på kaien i Flåm 15:10 Ein startar med å gjere seg klar for tur. 
-    Avreise frå Flåm til Stegastein med minibuss. 
-    Innføring i korleis gå på truger, og ut på trugetur. Ca. 1-1,5 timar. 
-    Stegastein utsiktspunkt. Tid til å ta bilete og nyta utsikta over      fjordlandskapet.  
-    Retur Flåm 18:00


Dagleg avgang kl 15:30


Ettermiddagsturer frå 1. februar til 15. april 2016


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Landskap
  • Fjordområde

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Båtturer
  • Guidede turer
  • Guiding
  • Seiling
Fottur
  • Korte vandreturer (1-4 timer)
Click to activate
Aurland, Norway
The latitude and longitude
60° 51' 46" N / 7° 6' 56" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad