Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Hardangervidda Eidfjord

Tunet på Haugen

  • Lægreidsvegen 13, Eidfjord
  • +47 90202572
  •  /  km From You
Overview

Tunet på Haugen er eit gardstun som ligg midt i Eidfjord sentrum og som består av ein Bakstekjellar, Grindaløo, Haugen Matverkstad og eit Landhandleri. Det er Mona Helle Lægreid og Hans Olav Lægreid saman med sonen Lars Magnus som er vertskapet her. God matkultur er viktig for oss og me er soleis særs opptekne av å servere mat med lokale råvarer og tradisjonsmat står i sentrum. Baking av krotakaker og gropekoking av lokalt, økologisk kjøt er døme på dette.


I Bakstekjellaren kan me tilby kurs i takkebakst der du kan lære å bake krotakaker, potetkaker, flatbrød eller liknande. Her bakar me og brød og bollar for salg i Landhandleriet.

Skal du ha eit selskap av noko slag, til dømes ein åremålsdag eller ein firmatur, vil du samle vennegjengen eller familien, halde ein konferanse eller kanskje du treng eit lokale til eit møte eller eit seminar, då kan du bestille plass i Grindaløo. Her vert det ei heilt eiga stemning med fyr i peisen og god høgde under taket. Om du leiger Grindaløo kan du og bestille lunsj eller middag gjort av lokale råvarer og med lokal drykk. I tillegg kan ein bestille underhaldning av lokale utøvarar innan tradisjonsmusikk frå Hardanger.
Grindaløo var ferdig bygd i 2014 og er eit tradisjonelt grindverksbygg med plass til inntil 50 personar.

I Haugen Matverkstad har me eit heilt nytt kjøken for produksjon av eigne varer. Varene som vert produsert her vert nytta i maten me serverar og er og å få kjøpt i Landhandleriet.

Landhandleriet er vårt eige utsal der me sel ei rekkje lokalproduserte varer. Her kan ein få kjøpt viltkjøt, syltetøy, eplesaft, produkt av økologisk Vest-Norsk Fjordfe, økologiske bakevarer som sukker og mjøl, økologisk kaffi og te og mykje meir. Vottar og labbar av lokale produsentar er og å få kjøpt her.

Om sommaren er det ope kafe i Landhandleriet med kaffi, kaker og ulike typar bakst. I tillegg kan ein få kjøpt påsmurte blings, suppe eller lapskaus til lunsj.


  • Last Updated:
  • Source: Bygdeturisme i Norge
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad