Tungestølen-Austerdalsbreen



«The finest ice-scenery in Europe», sa den engelske fjellmannen William Cecil Slingsby om dei tre ville brefalla Loke-, Odin- og Torsbreen, som stuper seg ned frå Jostedalsbreen fremst på Austerdalsbreen. Spektakulær utsikt ventar deg etter flat vandring og nokre brattare kneikar inn mot breen. Her kan du få ein liten smakebit på det ville brelandskapet utan nødvendigvis å gå på sjølve breen.
Utgangspunktet for turen er Tungestølen, fremst på Veitastrondi. Stien går fram like over brua og er godt merka og lett å finne. Den går vidare på vestsida avAusterdalselva heilt fram til breen. Det er flatt terreng heile vegen, med nokre kneiker av og til. Som alltid når det gjeld brear, må ein vere veldig varsam og ikkje gå for nær isen. Isras og kalving kan inntreffe utan forvarsel, så hald god avstand. Naturen er karrig ved brefoten. Moreneryggar, grus, stein og enkelte stader grønt gras dominererlandskapet.
Frå fjellhistoria kan vi lese at to av dei store pionerane på Jostedalsbreen, Kristian Bing og William Slingsby oppdaga nettopp denne breen.Det var Kristian Bing som bygde den varden på fjelryggen mellom Lokebreen og Torsbreen som seinare fekk namnet Kvitesteinsvarden, etter at han plasserte ein kvit kvartsstein på toppen av varden.
Kart (Turkart): Jostedalsbreen 1:100 000
Kilde: Visit Sognefjord AS
Tungestølen-Austerdalsbreen