Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sandane

Tur for alle til Haugsvarden

  • +47 57868040
  •  /  km From You
Overview
Details

På denne turen har du fantastisk utsikt, og frå toppen ser du ned i Nordfjorden og Gloppefjorden. Haugsvarden ligg på 862 m.o.h. Stien er godt merka, og turen egnar seg for heile familien.
Det krevs ikkje spesielt utstyr for denne turen.
Stien og merkinga er bra og dekket er fast, noko som gjer at du fint kan gå turen også i regn.

Til oppmøtestad kjem du lettast med eigen bil. Kjem du frå sør tek du av til høgre i retning Sandane V, og direkte høgre igjen retning Kleivane. Følg denne vegen, køyr rett fram i neste kryss. Denne vegen svingar seg oppover eit stykke, og du føl den til vegen deler seg. Der skal du fortsette til høgre. Fortset eit kort stykke og ta neste veg til høgre. Vegen er ganske bratt. Her startar skogsvegen. Føl denne til du kjem til andre vegen til venstre. Tollveg (kr 50,-).

Frå parkeringsplassen går turen på god sti nordaust til Tystadstøylen. Etter 5 minutts gange er du på støylen, og allereie her er utsikta fantastisk utover fjorden og fjella på sørsida av Gloppefjorden.

Frå Tystadstøylen fortset stien nordaust gjennom furu- og bjørkeskog eit lite stykke før du er i høgfjellsterreng. Du passerer Lomvatnet på veg opp til Haugsvarden. På heile turen har du fantastisk utsikt, og frå toppen ser du ned i to fjordar. Du ser også mange av fjella på Sunnmøre og den karakteristiske Hyeneshesten. Haugsvarden ligg på 862 m.o.h.

Retur same vegen som du kom.

Ca. 500 meter sør/søraust for Tystadstøylen ligg Nordfjord Folkehøgskule si Gamme. Denne ligg idyllisk til, og kan nyttast av alle. Gamma har både vedomn inne, og bålplass ute.

For guida tur ta kontakt med Nordfjord Adventure på post@gloppefjord.no eller +47 57 86 80 40. Turar på forespørsel.

Det er mange overnattingsstadar i nærleiken, t.d. Gloppefjord Sommarhotell, Gloppen Hotell og Gloppen Camping. For booking kontakt turistinformasjonen på +47 57 87 40 53.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Ekspert
  • Middels
Landskap
  • Fjellområde
Årstid
  • Vår
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Medium
Duration
1-4 hours
Lansdscape
Mountain area
Season
Summer
Click to activate
Gloppen, Norway
The latitude and longitude
61° 48' 40" N / 6° 10' 31" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad