Tur med emob til Ørnesvingen





Få utsyn som ei ørn på ein tur gjennom Geiranger og oppover til Ørnesvingen. Utsynet over fjorden, fjellgardar og dei storslåtte fossefalla Dei sju systrene ventar på deg!
Målet for turen er det storslåtte utsiktspunktet Ørnesvingen, men vegen dit er ei like stor oppleving. Du startar i sentrum av Geiranger og følgjer vegen langsmed fjorden før du legg i veg opp den spennande Ørnevegen og gjennom elleve hårnålssvingar mot målet.
Frå Ørnesvingen ser du fritt utover fjorden mot den vesle fjordgarden Knivsflå og dei praktfulle fossefalla Dei sju systrene, som kastar seg 300 meter ut i fritt fall mot fjorden. Ruslar du nokre få minutt vidare frå Ørnesvingen, finn du Unesco-plaketten og ein sti som fører til eit anna vakkert utsiktspunkt, litt unna trafikken. Kanskje kan det vere godt å sitje litt her, for verkeleg å «kjenne» på utsikta og den evige fjorden.
Kilde: Ålesund & Sunnmøre
Tur med emob til Ørnesvingen