Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Valen

Tur på Postvegen

  • +47 53484280
  •  /  km From You
Overview
Details

Stad:
Husnes, Valen, Handeland.

Turkart
Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt
Husnes via Valen til Handeland, totalt om lag 9 km.
Bruk fantasien for å gå deler av turen.

Parkering
Husnes: Ved Statoil.
Valen: Ved Spar Valen.
Handeland: Ved Handeland Gard eller parkeringsplassen mot Handelandsdalen.

Merking
God grusveg med god skilting.
Fleire informasjonstavler er oppsett undervegs. Hovedtavle ved Spar Valen.

Gradering
Grøn, eigna for barnevogn og motorisert rullestol.

Høgdeforskjell
40 -100 moh.

Tidsbruk
Varierer etter kva del av vegen ein vil gå.

Gode råd
Bruk fantasien for å gå deler av turen. Bussrutene kan vera eit alternativ for retur til eigen bil.

Omtale
På Husnes går ein frå Statoil langs Opsangervatnet mot lysskulpturen ”Samspel”. Stien tar av til høgre litt lengre oppe. Ein kan og starta frå Spar Valen eller frå Handeland Gard.
Den Stavangerske Posttour vart etablert i 1647. Vegen gjekk frå Stavanger gjennom Kvinnherad til Bergen.

Historie:
Den 13. mai 1785 vart det ved kongeleg resolusjon vedteke å opna ei postrute frå Bergen til Stavanger. Den skulle gå ein gong i veka gjennom kystdistrikta ” for at gagne fiskeriene og andre næringsveier i disse avsides beliggende steder samt lette og befordre den derav flytende handel”.
Posten skulle gå frå Stavanger til Bergen kvar tysdag middag kl. 12, og frå Bergen laurdag ettermiddag kl. 5.
Frå Bergen til Stavanger rekna ein veglengda til 18 mil, og dette skulle gjerast unna på 36 timar. Det tok oftast dobbelt så lang tid.
I ytre Kvinnherad var ruta slik: Helvik i Herøysund – Husnes – Teigen – Valen – Sandvoll – Ølfernes
Denne postruta vart kalla ”Den Stavangerske Posttour” og vart verande uendra fram til 1870 åra.

I 1994 gav Husnes mållag ut ei bok som heiter Postvegen Kvinnherad. Det var Otto Vikane som var forfattar. Etter dette tok ”eldskjeler ” fatt på arbeidet med å finna fram og restaurera dei traseane av den ”gamle hovudveg” som enno var synlege.
Det er såleis ferdigstilt eller under arbeid/planar for ein samanhengande tur / kulturveg på ca tre mil, mykje av vegen er med universell utforming.
I 2009 vart Interesselaget Postvegen, Ølfernes – Herøysund skipa. Laget organiserer vølingsarbeidet langs heile strekkja. Etter planen vil Interesselaget Postvegen, Ølfernes – Herøysund finna fram og merkja minst tjue ulike kulturminne langs vegen. Desse er: seks bronsealdergraver på Ølfernes, sag / kvernhus grunnar i Lervik. Bruer i Ertslandsmarka, gammal skule, sandtak og fallosstein på Sandvoll, reperbane, dyregraver, kraftstasjonar, sjukehus, Gjest Bårdsen segn, jettegryter og postopneri på Valen, gamle Hellandsbrua, industri og husmannsplassar på Husnes, det første bossbrenneriet i Kvinnherad, ”Urastovo” kvileplass for vegarbeidarane, og postbryggja i Herøysundet. Det vil nok også dukka opp andre som me enno ikkje har oppdaga. Dette arbeidet vil vera ferdig i 2014.

I dag kan det meste av postvegen brukast som turveg. Den er skilta der den kryssar riksveg 48. Det er såleis mange stader der turen kan ta til.
God tur på den ”gamle hovudveg”


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
  • Middels
Landskap
  • Skogsområde

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Easy
Lansdscape
Forest area
Season
All Year
Click to activate
Kvinnherad, Norway
The latitude and longitude
59° 51' 46" N / 5° 45' 35" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad