Tur til Bjergane på Harøya

På den lille toppen Bjergane får du ei flott utsikt innover mot fjella på fastlandet og utover mot havet.
Stien er brei og god, kan gåast i all slags vêr og passar for heile familien, også med barnevogn. Det vert derimot ikkje strødd eller brøyta til turmålet når det kjem snø. Ein er dermed sjølv ansvarleg for å vurdere føret, og om turen let seg gjennomføre.
RuteskildringTuren startar ved Harøy kirke, der ein finn parkeringsplass for bil. Turstien finn ein til venstre for gravplassen. Gå ned ei lita helling og følger skiltet til Bjergane mot høgre. Heretter går stien i åpent terreng mot Bjergane. Turkasse er på toppen av den lille haugen ein får på venstre hand. Når ein når toppen på kanskje 10-20 meter kan ein nyte utsikta på benken som er satt opp.
Herifrå får ein to val; gå tilbake same veg som ein kom, eller fortsette turen vidare mot Myklebust. Ein følger då den breie stien til ein treff ein grusveg. Her kan ein ta til venstre og gå grusvegen ned til fylkesveg 210 og følge denne heile vegen tilbake til utgangspunktet. Turen blir da ein del lengre enn å følge same veg tilbake.
Om du vil kan du i staden for å gå ned til fylkesvegen halde mot høgre på grusvegen og følge denne opp til "fjellkanten" ved Breidalsaksla. Der starter ein flott grusa sti som går heilt opp til Lomstjørna og Harøyburet.
- Lett
- Brevandring
- Familievennlig
Kilde: Ålesund & Sunnmøre
Tur til Bjergane på Harøya