Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Brandasund

Tur til Brandasundsåto

Brandasund har ei lang historie som handels- og gjestgjevarstad. Denne turen går på sti med svak stigning der du kjem til eit flott utsiktspunkt mot havet.

Dette er ein "liten topptur" der du kjem opp til eit flott utsiktspunkt mot havet i vest!

Terreng

Sti, svak stigning, siste del trappetrinn opp til toppen.

Liten topptur.

Tid

Ca. 1 1/2 time.

Start

Parkeringsplassen ved oppgangen til Brandasundsåto.

Turskildring

Frå parkeringsplassen følgjer vi vegen eit lite stykke vidare til skilt merka Brandasundsåto. Følg stien til høgre, ca. 40 min. tur/retur. Første delen lett og ope terreng, seinare litt stigning med trappetrinn siste delen opp til toppen. Like før trappene, jord gamme som var bustad for tyske soldatar under siste verdenskrig. Brandasundsåto var alt under første verdenskrig utsiktpost og signalstasjon.

Utsikt i alle himmelretningar

Utsikt frå toppen

Nord/vest: Slåtterøy fyr, teikna i 1858 av fyrdirektør Carl Frederik Diriks, bygt i 1859.

Nord: Stolmen, Selbjørn, byfjella i Bergen, Rekstern og Tysnes.

Sør/vest: Siggjo

Litt historie


Gjennom tusen år har den lune og gode hamna lege sentralt i den ytre leia langs kysten. Brandasund fekk truleg namnet etter handelsmann Jacob Brandt som budde her kring 1660. I den store sildeperioden på 1700- og 1800-talet var Brandasund eit livskraftig sentrum. Her er bygningar som står som trauste monument og vitnar om storheitstida som la livsgrunnlaget for folka her ute.

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

0

Tur til Brandasundsåto

Sider du nylig har besøkt