Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Vatne

Tur til Fannevatnet frå Slyngstad

Fannevatnet
Tursti ved Fannevatnet
Fannevatnet

Koseleg og småkupert grusveg langs eit vatn med nokre små og fine badeplassar. Sætra er eit naturleg snupunkt og ein fin stad for bålkos.

Turen passar også for barnevogn og sykkel. Tur og retur same veg

Ruteskildring

Når det ikkje er tele, er det råd å køyre opp den bratte bakken i starten på turen til ein liten parkeringsplass på toppen. Gå grusvegen langs Slyngstadvatnet som etterkvart skiftar namn til Fannevatnet. Dette er langstrakt vatn som har to ulike namn i sør og nordenden. Det er fleire små strender og badeplassar langs vatnet. Og ved Sætra er det benkar og opparbeida bålplass.

Tilkomst og parkering

Ved brua på oppsida av riksveg 659 ved Slyngstad, eller, når det ikkje er tele, på den vesle parkeringsplassen etter den bratte bakken i starten på turen. Unngå parkering på nedsida av hovudvegen.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

Tur til Fannevatnet frå Slyngstad

Sider du nylig har besøkt