Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

Tur til Finnbunuten og overnatting på Myrkdalen Hotel

  • Myrkdalen, Voss
  • +47 47471616
  •  /  km From You
Overview

Toppen har praktfullt utsyn over Stølsheimen, Vikafjellet og Myrkdalen.

Lengd: 8 km og 4-5 timar tur /retur
Stigning: 950 m
Sesong: Juli – oktober
Vanskeligheitsgrad: Blå (moderat)
Startpunkt: Myrkdalen Fjellandsby eller Vetlebotn
Turkart referanse: Myrkdalen 1:50 000 (Statens kartverk), Voss 1:50 000 (Ugland IT)
Merknader: Vegen til Vetlebotn er bomveg.

Frå Myrkdalen Fjellandsby går du på merka sti via Helgatun og Vetlebotn til Finnbunuten. Frå Vetlebotn fyl du Kari Traa-trekket (skitrekket lengst aust) vidare oppover. Vil du korta ned turen litt kan du ta Myrkdalsekspressen til topps (860 moh) eller køyra bomvegen til Vetlebotn (700 moh).

Turen er relativt lang, men familievenleg på lettgått sti. Frå Myrkdalen Fjellandsby/Helgatun er det 900 høgdemeter til toppen, frå Vetlebotn er det 650 høgdemeter. 

Det er merka sti frå øvste svingen i Myrkdalen Fjellandsby eller frå Helgatun til Vetlebotn. Frå Vetlebotn fylgjer du Kari Traa-trekket til vendehjulet. Fylg så merka sti til toppen (1358 moh).

Toppen har praktfullt utsyn over Stølsheimen, Vikafjellet og Myrkdalen. På klårvêrsdagar har ein utsikt til kjende isbrear som Hardangerjøkulen, Jostedalsbreen og Folgefonna. Er du heldig kan du også sjå reinsdyr, sidan området rundt Finnbunuten er eit viktig bukkebeite for villreinen sommar og haust.

Etter turen anbefaler me ein herleg middag og ein overnatting på Myrkdalen Hotel. 
Klikk her for booking av rom: https://www.myrkdalen.no/no/myrkdalen-hotel


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Price

Description Price*
Dobbeltrom på Myrkdalen Hotel m/frokost 1590,00 1 dag
* Price from
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad