Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Uggdal

Tur til Gjøvågsvarden

Tur til Gjøvågsvarden
Tur til Gjøvågsvarden

Første del av turen går på ein gamal veg frå slutten av 1800 - talet. med ei gamal bru laga av berre store steinheller.

Stad

Gjøvåg

Start

Gjøvågskrysset

Parkering

Langs fylkesvei 83

Merking

Informasjonstavle ved parkering, skilta og merka etter nasjonal standard

Høgdeskilnad

30-306 moh

Tid

4 km tur retur. Ca. 1 1/2 time

Gradering

Middel, blå

Gode råd

Nokre våte parti, bruk høvelege sko.

Turomtale

Stien startar ca 50m før krysset mellom Gjøvåg/Kaldafoss. Første del av turen går på ein gamal veg frå slutten av 1800 - talet. Der denne gamle vegtraseèn kryssar ei lita elv, er det ei gamal bru laga av berre store steinheller.

Rett etter denne brua svinger stigen opp mot høgre, og ein kjem raskt oppover til
Åsen, som ligg på ca 200 moh. Alt no har ein god utsikt mot vest og nord og over
nesten heile Gjøvåg.

Frå Åsen flatar stien noko ut og på toppen ligg Gjøvågsvarden, 306 moh. Her er ein postkasse med vardebok til å skrive seg inn i. Når sikten er god, ser ein heilt til havs og i alle retningar blant anna til Sotra, alle byfjella rundt Bergen, mot Kvamskogen, Folgefonna, Tysnessåta, Stord-/Fitjarfjella og nesten heile Austevoll med alle sine øyer.

Frå Gjøvågsvarden er det mogeleg å gå vidare til Dalstuva og eventuelt følgje stigen ned til Åse.

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Tur til Gjøvågsvarden

Sider du nylig har besøkt