Høyanger

Tur til Hålandsnipa, Høyanger

  • Høyanger
  • Tur til Hålandsnipa, Høyanger
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Hålandsnipa

    Høyanger, Vestland

    Vis i kart

På tur til Hålandsnipa med nydeleg utsikt over Høyanger

Ut på tur til Hålandsnipa i Høyanger - panorama utsikt



Turen startar frå bommen på Strupen. Vidare følgjer ein den svingete grusvegen opp i høgda, allereie her er det flott utsikt over Høyanger. Følg grusvegen vidare innover Breidalen til du i botnen av dalen finn skilt merka med Hålandsnipa. Ein svingar ut i venstre i terrenget og følgjer raud merking mot hyttene i dalen, etter desse startar stigninga opp mot kammen. Stien er kronglete og ein har to alternativ, her kan òg vere bratt nokre stader.



Oppe på kammen er det berre å følgje stien bortover og vidare oppover. Ein passerer mastene og følgjer ny stigning opp mot sjølve toppen, her står også ein liten varde og ein har god utsikt til fjella omkring, t.d. mot Eriksdalen og Skardfjell. Ta turen ned til utsiktspunktet og føl då terrenget nedover til utsikta til slutt openberrar seg. Her er det flott å ta ein pause og nyte mat og utsikt. Retur blir same veg tilbake.





Middels krevende fottur



Lengde: 4,3 km



Tid: 3 t



Turen går én vei, fra A-B



Høgdemeter: 454 høydemeter totalt



Sesong: Hele året





Adkomst med egen bil



Køyr opp fjellvegen til Siplo og ta av ved Falkenhytta mot Strupen og parker ved bommen. Vinterstid parkerer ein på parkeringsplass lenger nede.


Kilde: Visit Sognefjord AS