
Ein fin tursti der du går gjennom skog, kryssar ein bekk og går forbi eit gamalt tun på Ve.
Indre Ve
Like før vegen opp til Prestegarden, Teiglandsvegen 42.
Informasjonstavle ved parkering. Skilta og merka etter nasjonal standard.
Lett
Rundtur 2 km, om lag 40 min.
50-130 moh.
Stigen er oftast tørr men har nokre våte parti. Frå Lande til Korsfjorden kan ein komme inn på samme rute.
Frå infotavle gå 50 m mot nord og føl skilta opp sideveg ved Teiglandsvegen nr 64. Føl stigen til høgre langs det eldste tunet i Ve, vidare over ein bakke og opp i skogen. Stigen er merka over utmark, kryssar ein bekk før jamn stigning opp til Korsfjorden. Mot nord er det flatt dei første metrane. Etterkvart utsikt mot Vernøy og Bjørnefjorden. Stigen går ganske bratt ned gjennom lauvskog til Teigland. Føl fylkesvegen attende til infotavle.
Kilde: Region Sunnhordland