Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Stord

Tur til Kattnakken på Stord

Ein spenstig toppur til fjelltoppen Kattnakken 724 m.o.h. der det er flott utsikt frå toppen i godt ver.

Stad

Stordafjellet, Lundsseter

Turkart

Stord – Fitjar (1 : 50.000)

Start og sluttpunkt

Parkeringsplass på Heio

Parkering

Ta av frå E39, anten i Førlandskrysset nord for Rommetveit eller i Ådlandskrysset nord for Leirvik, vegen er begge stader merka «Fjellgardane». Frå Presthaugkrysset følgjer ein vegen til Lundseter fjellstove og vidare ca. 3 km til parkeringsplass på Heio. Vegen opp til Heio kan vera stengt med bom ved Lundarstøl om vinteren.

Merking

Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka med T.

Gradering

Blå - Lett fottur

Høgdeskilnad

724 moh.

Tidsbruk

1-2 t

Turskildring

Ein spenstig toppur til fjelltoppen Kattnakken 724 m.o.h. Høgdeforskjell frå parkeringsplass til toppen - 300 m. Flott utsikt frå toppen i godt ver. Turen tek omlag 1-2 timar, på grusa anleggsveg, alternativt sti. Delvis bratte parti. Turkart kan kjøpast hjå bokhandlarane og i Kundetorget. Om ein ynskjer ein lengre tur, kan ein ta turen over til Stovegolvet. Følg merking til du kjem til skilt som viser vegen til Stovegolvet.

Heio er ei ca. 400 daa stor gras- og myrslette (morene) som frå gamalt har vore viktig sauebeite for bøndene på Stord. Vegetasjonen er dominert av kysttypiske artar, myr- og lyngsamfunn med noko blåbærlyng og graseng innimellom.

Om vinteren er Heio mykje brukt som skiområde. «Steinen» som ligg heilt nord på Heio er eit mykje brukt turmål om vinteren.

Vegen opp til Kattnakken fjernsynsmast vart bygd i 1968. Masta (Stord Kringkastar) kom i drift året etter. Vegen er sprengt inn i fjellsida og har jamn stigning mot toppen.

Stordøyo er eit geologisk interessant område, mest som eit høgfjell ut mot havet. Det meste er gabbro og gang- og dagbergartar av gabbro. Fjellformasjonane i dette området har mange geologiske godbitar å by på. Kattnakken er namnet på den nordaustre delen av det flate fjellpartiet som strekkjer seg frå Stovegolvet i sør via Skorafjellet til Midtfjellet i nord. Høgaste punktet på Kattnakken er 724 m.o.h. og dette er nest høgste punktet på heile Stordøyo. Berre Mehamarsåta mot nord er høgre (749 m.o.h.).

Utsikten frå Kattnakken er storslått

Mot nord ser ein Fitjarfjellet, Reksteren og Tysnes - mot aust ser ein rett ned i Langenuen, skipsleia mellom Stord og Tysnes. Bakom ligg Huglo, før Hardangerfjorden skiljer mot dei store fjellmassiva i Kvinnherad. Folgefonna er ekstra vakker i solskinnet. Legg merke til den nakne Nordhuglo og Tysnesskorpo. Bergarten er hard og sur med liten eller ingen vokster. - mot sør får ein først eit flott inntrykk av det furukledde låglandet sør på Stordøyo, med Ådlandsvatnet og dei grunne vikane langs Hystadlandet mot Rommetveit. Berggrunnen i låglandet på Stord og Tysnes er kalkhaldig med frodig skog. På sørenden av øya ser ein Aker Stord og deretter Klosterfjorden og Bømlafjorden, Føyno og Sveiolandet lengst borte. Det store samferdselprosjektet «Trekantsambandet» går i dette området. - mot vest er det utsyn til Bømlo og Fitjarøyane, med Selbjørnfjorden og Austevoll i nordvest. Stovegolvsfjellet stengjer noko av utsynet mot sørvest.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Tur til Kattnakken på Stord

Sider du nylig har besøkt