Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Høyanger

Tur til Laviksåta, Lavik

Laviksåta, Lavik
Laviksåta, Lavik
Laviksåta, Lavik
Laviksåta, Lavik
Laviksåta, Lavik

Laviksåta som ruvar 712 meter over havet, er ein av dei høgaste toppane i Hyllestad og Høyanger og eit vel omtykt turmål for fjelltrimmarar

Laviksåta - Panorama fjordutsikt

Turen starter frå parkeringsplass ved Lavikstølane. Lavik IL har merka og varda stien. Det er rødmerka sti heile vegen. Det kan vere nokre blaute parti frå start til rundt halvvegs til Laviksåta. Stien er noko bratt, men ingen utfordrande parti. Første halvdel av vegen mot toppen er heller tung. Bakkane er bratte, og underlaget tappar krefter. Etter 10- 20 minuttars gange ser du allereie dalen djupt under deg. Men godt halvvegs oppe endrar terrenget seg. Det flatar ut; hei og vidder ligg framfor deg, og du har utsyn innover Sognefjorden og vestover Åfjorden mot Lifjellet, Alden og øyriket utafor.

Ein kryssar kommunegrensa mellom Høyanger kommune og Hyllestad kommune før siste stigninga mot toppen. Ein steingard markerer kommunegrensa.

Om turen:

Middels krevende tur

Lengde: 4,7 km

Tid: 2 timar tur/retur

Høgdemeter: 635 totalt

Sesong: April - Desember


Kilde: Visit Sognefjord AS

Tur til Laviksåta, Lavik

Sider du nylig har besøkt