Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Stord

Tur til Prestavarden

Tur til Prestavarden

Frå Prestavarden på Stord er det fin utsikt, frå Ryvarden i sør til Sotra i nord.

Tur frå Øvre Økland til Prestevarden - og tilbake!

Høgde

50 -510 moh

Estimert tid

4-5 t

Lengde

10,5 km

Startpunkt og sluttpunkt

Ved skogsveg til Stua

Gradering

Krevende, rød

Turkart

Stord-Fitjar (1:50:000)

Parkering

Ta av frå E39 til Lundsæter , ca 800 m nordom Ådland bru. Følg denne til kryss med Vatnadalsvegen og ta inn her. Gjennom garden Vatna over ei lita bru og opp til kryss med skogsveg til Stua. Her er parkering til 4-5 bilar.

Turomtale

Følg vegen inn Vatnadalen, gjennom gardstunet på Øvre Økland og til demninga øvst i dalen. Følg vegen vidare opp mot Ravatnet. Etter ca. 1 km ta av mot venstre på sti merkt "Prestatrakket". Ta opp lia mot Klovfjedlet og på god sti inn til Prestavarden. Frå Prestavarden er det fin utsikt, frå Ryvarden i sør til Sotra i nord. Følg stien attende til ei lita tjørn, ta til venstre på austsida og ned til Hovtrongsvatnet og vidare langs vestsida av Ravatnet ned vegen attende til Vatna.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Tur til Prestavarden

Sider du nylig har besøkt