Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sunnfjord Flora

Tur til sagaøya Kinn

  • +47 57743000
  •  /  km From You
Overview

Visit the saga island of Kinn and allow yourself to be captivated by the island, its medieval church and the beautiful scenery. 

Opplev Sagaøya Kinn og la deg bergta av øya, historia, middelalderkyrkja og den vakre naturen! Med flott turterreng og lett tilkomst frå Florø, er Kinn eit populært turmål heile året.

Frå kystbyen Florø går lokalbåten mellom øyar og skjer ut til sagaøya Kinn. Etter at du stig i land følgjer du vegen til høgre mot Kinnakyrkja. Turen til kyrkja tek om lag 30 minutt i roleg gange langs ein 1 km lang grusveg. Kvar dag mellom 25. juni og 31. juli 2018 er det vertskap på Kinn. Du er velkommen inn i mellomalderkyrkja for å kjenne på stemninga i tida før, under og etter tidebønene klokka 11.30 og 19.00. I løpet av sommaren 2018 vil det truleg bli satt i gong eit større restaureringsarbeid i kyrkja. Du kan få informasjon om moglegheitene for å komme inn i kyrkja ved å ringe 5774 3000 eller sende ein e-post til mail@fjordkysten.no.

Har du lyst på ein litt lengre tur, kan du gå rundt øya før du kjem tilbake til kaia der lokalbåten tek deg tilbake til Florø. Det er om lag 3 km frå kyrkja og rundt øya tilbake til kaia, og du kan rekne om lag 2 timar i gangtid. 

 

TURFORSLAG (25. juni – 31. juli 2018)​​​​​ ​​
Mandag – tysdag – torsdag – fredag – laurdag

Kl. 10.00          Avreise med lokalbåt frå Fugleskjærskaia i Florø

Kl. 10.25          Ankomst Kinn (lørdag, kl. 11.00)

                        Vandring til Kinnakyrkja (om lag 30 minutt)

Kl. 11.30         Open kyrkje med tidebøn

Kl. 12.30         Vandre rundt øya (om lag 2 timer)

Retur               Kvardagar kl. 15.15 - Lørdag kl. 15.00

 

Onsdag

Kl. 08.30         Avreise med lokalbåt frå Fugleskjærskaia i Florø

Kl. 09.10          Ankomst Kinn 

                        Vandring rundt øya

Kl. 11.30          Open kyrkje med tidebøn

Kl. 15.15          Retur til Florø med lokalbåt

 

OBS! Alle må ringe til båten før 14.30 for å melde frå om at ein skal med frå Kinn. Telefonummeret til båten finn du i venteskuret på kaia. Vi tek atterhald om ruteendringar. For oppdatert og komplett rutetabell sjå kringom.no.

 

 

BÅTBILLETT

Per veg - Vaksne: kr. 77,-  Barn: kr. 36,-
Båtbillett kan kjøpast om bord i båten.

 

GUIDING           

For tilbod om guida tur på Kinn, ta kontakt på mail@fjordkysten.no eller tlf. 57743000.
Kr. 400 per person (minimum 4 personar).

 

KINN OG KINNAKYRKJA

Heilt ute i havgapet vest for Florø ligg den irrgrøne, grasdekte øya Kinn. Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. Den sagnomsuste Kinnakyrkja er bygd i romansk byggjestil, og har vore i bruk sidan 1100-talet. Ho har seinare vore bygd på og restaurert, og framstår i dag så nær opp til det opprinnelege som mogleg. Kyrkja er den eldste i Sunnfjord. Kyrkja er frå gamalt av knytt til legenda om St. Sunniva og Seljumennene, men ein meiner i dag at ho vart sett opp av keltarar som gøymde seg frå religionsforfølgjarar.

OVERNATTING PÅ KINN
Det er også mogleg å overnatte i det gamle skulehuset på øya, som i dag er eigd av Flora Turlag. Nøkkel får ein til utlån på turistinformasjonen i Florø.

 

For meir informasjon:
Turistinformasjonen i Florø
E-post: mail@fjordkysten.no
Tlf: 57 74 30 00


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad