Tur til Sandvikehorga




Ein flott tur for familiar - turen har lett stigning i ulendt terreng og går langs ei elv. Frå toppen får du god utsikt over Sunnhordland. Rasteplass ved start.
Varaldsøy.
TurkartNoreg 1:50 000 blad 1215 11 Varaldsøy.
Folgefonna nasjonalpark.
Folgefonna - Hardangerfjorden.
Rasteplass ved Svartavatnet.
ParkeringFrå ferjekaien på Varaldsøy følg hovudvegen ca 1 km. Ta så til høgre i vegkrysset like etter bedehuset (stort kvitt hus på høgre side). Etter ca 500 meter ta til venstre ved skilt mot Øyerhamn og køyr 6 km til rasteplass ved Svartavatnet. Parker langs vegen ved rasteplassen.
MerkingInformasjonstavle ved startpunkt. T- merka og skilta.
GraderingBlå. Moderat fottur, to støvler etter DNT- systemet.
Høgdeforskjell290 - 535 moh.
Tidsbruk2 timer t/r.
Gode rådSkogsstien kan vera noko myrlendt, bruk høvelege sko.
OmtaleFrå rasteplassen på sti i vestleg retning langs ei lita elv. Første del av turen går i myr og småskog, med lett stigning i ulendt terreng. Siste halvdel er det ein del stigning på snaufjell. Dette er ein fin familietur med god utsikt utover Sunnhordland. Innover fjorden ser ein heilt til Ålvik.
- Lett
- Hele året
- Brevandring
Kilde: Region Sunnhordland
Tur til Sandvikehorga