Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Vik

Tur til Synshovden, Vik

Tur til Synshovden, Vik
Tur til Synshovden, Vik
Tur til Synshovden, Vik
Tur til Synshovden, Vik
Tur til Synshovden, Vik
Tur til Synshovden, Vik
Tur til Synshovden, Vik
Tur til Synshovden, Vik
Tur til Synshovden, Vik

Tur til Synshovden i Vik - Panorama fjordutsikt

Turen til Synshovden på 790 moh. kan ein starte direkte frå Vik sentrum.

Ein kan parkere ved Vik stadion og gå på kommunal veg opp til Øvste Hopperstadmarki, der ein held vidare fram på skogsveg. Ein kan også køyre opp til Hopperstadmarki, parkere i svingen til skogsvegen og starte turen derifrå. 

Fyrste etappen går på skogsveg og sti til stølen Gunnarsete (ca. 475 moh.). Langs stien til Gunnarsete er det ein natursti med 10 informasjonstavler som fortel om plantar og dyr langs stien. Ein kjem forbi to utløer med rasteplassar. Stien,som også er skilta, går for det meste gjennom lauvskog, og eit stykke i granskog. Fine utsiktspunkt!

Den siste etappen går frå Gunnarsete opp på Bøeggi, og så opp på Synshovden, der det ved fint vêr er flottutsikt på Sognefjorden!

Ein kan enten gå same veg tilbake, eller halde fram eit stykke langs Bøeggi og gå ned via skogsvegane Eggjavegen og Bødalslivegen. Går ein Bødalslivegen i nordleg retning, kjem ein tilbake til Gunnarsete. Går ein sørover, kjem ein ut på Rosheim, ved Tistel Camping.


Fakta om turen

Middels krevende tur

KM: 3,9 km

Tid: Ca 3 timar

Høgdemeter: 666 høgdemeter totalt

Sesong: Mars til November

Kilde: Visit Sognefjord AS

Tur til Synshovden, Vik

Sider du nylig har besøkt