Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sunnfjord Askvoll

Turguiding Værlandet og Bulandet

  • +47 57731151
  •  /  km From You
Overview
Details

Bli med på guida turar rundt Værlandet og Bulandet.

Bli med på guida tur på Værlandet og i Bulandet!

Ruth Bakke er fødd og oppvaksen på Værlandet. Ho tek deg med på vandring i den flotte naturen med spanande flora og fauna, og unik geologi. Du kan lære om kystkulturen, vitje museum og utstillingar, guida sykkeltur langs Nordsjøporten – vegen og bruene som knyter saman Værlandet og Bulandet. Ruth er også guide  på bussturar på øyane, og organiserer turar med båt eller buss om ein ikkje har eigen transport. Ho snakkar norsk, engelsk og portugisisk. Ho skreddarsyr turar og opplegg etter dine interesser og spesielle ynskje både for venner og par på tur, familiar og større grupper. Ruth Bakke samarbeider med både overnattingsaktørar og aktivitetsaktørar  i området. Ta kontakt for uforpliktande tilbod!

HER ER NOKON AV TURANE DU KAN BLI MED PÅ:

I. Guida rundtur på Værlandet og Bulandet
Bli med på ein 3 – 4 timers rundtur! Ruth Bakke lager eit opplegg som er tilpassa deg med besøk til eit eller fleire av dei følgande stadane:
1. Engelbua museum
2. Landøystein
3. Temaparken 
4. Havblink galleri

Rundturen kostar 500,- per person for små grupper inntil 4 personar. Prisen inkluderer guiding og eventuelle billettar til musea. Born betalar halv pris. For større grupper kan ein leige buss. Då varierer prisen etter tal på deltakarar.


II. Guida sykkeltur til Bulandet – 1 veg
Bli med på ein sykkeltur over dei mange bruene som knyt saman Værlandet og Bulandet. Opplev kystkulturen, og ha ei fantastisk naturoppleving frå sykkelsetet. Kanskje dukkar havørna opp for å halde deg med selskap?

Turen tek halvannan time og kostar 300,- per person. Ruth hjelper deg med å få leigd sykkel av lokale aktørar dersom du ikkje har med din eigen.


III. Guida rundtur Værlandet og Bulandet med korte stopp på naturlege utsiktspunkt.        
Vi opplever det spesielle landskapet med sin særeigne geologi, alle øyane, bruene, historiske hendingar og livet i dag.

Turen tek omlag halvannan time og kostar 300,- per person. Born betalar halv pris.


IIII. Guida tur med eigen transport
Kjem du til Bulandet og Værlandet med eigen bil eller buss? For 500,- per time guider Ruth deg rundt på øyane.  

 

Velkommen ut i øyriket vårt!


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Kultursti
  • Guidede turer
  • Guiding
  • Historisk vandring
  • Natursti
Sykling
  • Sykkelrute/-tur
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad