SVEIO
Turløype Sveio Golfpark
All Year
Easy
Glacier hiking
Turen går på grusveg gjennom eit småkupert område med skog og open golfbane. Idylliske vatn og tjern langs løypa, og eit rikt plante- og fugleliv.
Sveio golfpark ligg like nord for Sveio sentrum. Her er det turvegar mellom greenane.
Det er to løyper:
raud løype (2 km)
gul løype (4 km)
StadSveio golfpark ved Sveio sentrum
TurkartSveio (1 : 50.000)
Start og sluttpunktVed klubbhuset til Haugaland golfklubb
ParkeringParkeringsplass ved klubbhuset.
MerkingInformasjonstavle ved klubbhuset. Merka som folkesti med markering for kvar halve kilometer.
GraderingGrøn
Tidsbruk30 min (kort løype) – 1 time (lang løype)
SesongHeile året
Utstyr og påkledningJoggesko/tursko.
Tilgjengeleg med barnevogn og rullestol, men nokre bratte bakkar
SkiltingInfotavle ved starten av stien. Informasjonsskilt langs løypa
TurskildringTuren går på grusveg gjennom eit småkupert område med skog og open golfbane. Idylliske vatn og tjern langs løypa, og eit rikt plante- og fugleliv. Løypa går gjennom golfbaneområdet – vis omsyn til golfspelarane. Stopp når golfspelarane slår, og vent til dei gjev teikn om at det er trygt å passere.
Last updated: 01/29/2024
Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Turløype Sveio Golfpark