
Turen går på grusveg gjennom eit småkupert område med skog og open golfbane. Idylliske vatn og tjern langs løypa, og eit rikt plante- og fugleliv.
Sveio golfpark ligg like nord for Sveio sentrum. Her er det turvegar mellom greenane.
Det er to løyper:
raud løype (2 km)
gul løype (4 km)
Sveio golfpark ved Sveio sentrum
Sveio (1 : 50.000)
Ved klubbhuset til Haugaland golfklubb
Parkeringsplass ved klubbhuset.
Informasjonstavle ved klubbhuset. Merka som folkesti med markering for kvar halve kilometer.
Grøn
30 min (kort løype) – 1 time (lang løype)
Heile året
Joggesko/tursko.
Tilgjengeleg med barnevogn og rullestol, men nokre bratte bakkar
Infotavle ved starten av stien. Informasjonsskilt langs løypa
Turen går på grusveg gjennom eit småkupert område med skog og open golfbane. Idylliske vatn og tjern langs løypa, og eit rikt plante- og fugleliv. Løypa går gjennom golfbaneområdet – vis omsyn til golfspelarane. Stopp når golfspelarane slår, og vent til dei gjev teikn om at det er trygt å passere.
Kilde: Region Sunnhordland