Turløype Trollavassnipen





Frå det høgaste fjellet i Sveio, Trollavassnipen, ser du nesten frå Bergen til Stavanger på klåre dagar. Flott tur i til dels bratte løyper.
Frå det høgaste fjellet i Sveio, Trollavassnipen, ser du nesten frå Bergen til Stavanger på klåre dagar. Turen til toppen tek 1 – 2 timar i til dels bratte løyper.
StadTrollavassnipen i Valevåg
TurkartSveio (1 : 50.000)
Start og sluttpunktStart frå Kleivo ungdomshus på Einstadbøvoll, ved Haugsgjerdelva på Tittelsnes eller frå Holsvika friområde. Stien frå Kleivo er mest brukt.
ParkeringDet er plass til å parkera ved alle startpunkta
MerkingInformasjonstavle ved alle startpunkt. Skilta og merka. Tydeleg sti.
GraderingBlå.
Høgdeskilnad40 – 432 moh.
Tidsbruk2 - 3 t t/r
SesongHeile året
Utstyr og påkledningGode tursko/fjellsko eller støvlar. Ein del våte parti.
TurskildringLøypa frå Kleivo, som er mest brukt, går bratt opp gjennom skogen, rett bak ungdomshuset. Etter kvart flatar terrenget noko ut før stien igjen går bratt opp mot toppen. Her er det utsyn i alle retningar, mot øyane i Sunnhordland og innover mot fjella i Rosendal og Hardanger. Bruene i Trekantsambandet viser òg godt igjen.
Trodlamarsjen er ein familiemarsj som blir arrangert kvar Kristi Himmelfartsdag, med start frå Einstadbøvoll skule.
Startpunkttavle med kart ved parkering. Pilskilt ved stiskille. Toppunktskilt.
- Lett
- Hele året
- Brevandring
Kilde: Region Sunnhordland
Turløype Trollavassnipen