Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sunnhordland Sveio

Turløype Trollvassnipen

  • +47 53748000
  •  /  km From You
Overview

Frå det høgaste fjellet i Sveio, Trollavassnipen, ser du nesten frå Bergen til Stavanger på klåre dagar. Turen til toppen tek 1 – 2 timar i til dels bratte løyper.

Stad: Trollavassnipen i Valevåg
Turkart: Sveio  (1 : 50.000)
Start og sluttpunkt: Start frå Kleivo ungdomshus på Einstadbøvoll, ved Haugsgjerdelva på Tittelsnes eller frå Holsvika friområde. Stien frå Kleivo er mest brukt.
Parkering: Det er plass til å parkera ved alle startpunkta.
Merking: Informasjonstavle ved alle startpunkt. Skilta og merka. Tydeleg sti.
Gradering: Blå.
Høgdeskilnad: 40 – 432 moh.
Tidsbruk: 2 - 3 t t/r
Sesong: Heile året
Utstyr og påkledning: Gode tursko/fjellsko eller støvlar. Ein del våte parti.

Turskildring: Løypa frå Kleivo, som er mest brukt, går bratt opp gjennom skogen, rett bak ungdomshuset. Etter kvart flatar terrenget noko ut før stien igjen går bratt opp mot toppen. Her er det utsyn i alle retningar, mot øyane i Sunnhordland og innover mot fjella i Rosendal og Hardanger. Bruene i Trekantsambandet viser òg godt igjen.

Trodlamarsjen er ein familiemarsj som blir arrangert kvar Kristi Himmelfartsdag, med start frå Einstadbøvoll skule.

Skilting:
Startpunkttavle med kart ved parkering. Pilskilt ved stiskille. Toppunktskilt.

 

Denne sida vart sist oppdatert 28.08.2018.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad