Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sveio

Turløype Emberlandsnipen

  • 5551 Auklandshamn, Sveio
  • +47 53748000
  •  /  km From You
Overview

Det populære turmålet Emberlandsnipen (271 moh) kan nåast frå fire kantar. Frå Emberland (på vestsida) og Sætre (på austsida) tek turen omlag 1/2 time på til dels bratt sti. Nordfrå, med start frå Stølen i Auklandshamn, tek turen 1 – 2 timar gjennom flatare skogs- og utmarksterreng med nokre våte parti. Frå Øklandsnes/Nyland i Auklandshamn er det ei merka og skiltarute opp til Emberlandsnipen. Frå toppen er det flott utsikt over Bømlafjorden og vidt utsyn i alle retningar.


Tilkomst frå Sætre: Ta av frå E-39 ved Rød, følg vegen ca 2,5 km til Langavatnet. Parkering ved badeplass. Følg gardsvegen til Sætre på venstre sida av vegen, og ta av på sti til høgre.


Tilkomst frå Stølen: Parker ved butikken i Auklandshamn. Følg vegen gjennom byggjefeltet på Stølen til merka sti.


Tilkomst frå Emberland: Kjør mot Buavåg og ta av mot Åsbu/Emberland i kryss nord for fergekaien. Hald til høgre der vegen deler seg. Stien startar frå gardstunet på Emberland.

Rutene er teikna inn på opplevingskartet utgitt av Sveio kommune.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Sveio, Norway
The latitude and longitude
59° 38' 3" N / 5° 22' 49" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad