Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview
Details

Stad: Totland – Moster.


Turkart: Bømlo (1 : 50 000).


Start- og sluttpunkt: Turstien startar  og sluttar ved velteplass for tømmer ved Totlandstjørna. For båtturistar er det mogleg å komme inn på løypa frå Totlandsvika og ved Sætravika på Trøytarosen,  eller frå Barmen på Tjørnanespollen (m/liten båt). 


Parkering: Ved turstien sitt startpunkt. Den lokale rutebussen stoppar på signal like ved løypa sitt  startpunkt.


Merking: Informasjonstavle ved startpunkt.           
Tur og friluft Dynamiske Mosterhamn har merkt med blått tau langs løypa.


Gradering: Blå. Lett fottur.


Høgdeskilnad: 1– 51 moh.


Tidsbruk:  5 timar.


Gode råd: Nokre våte parti, bruk høvelege sko.         


 


Turomtale: Totlandskogen er å rekne for den siste urørte skog og utmark på Moster. Området ligg  i idylliske omgivnadar langs Bømlafjorden i aust og sør, Børøyfjorden i vest og garden Totland i Nord. Løypa består i sin heilskap av fire delløyper, som fylgjer lande langs Bømlafjorden og Børøyfjorden  inn til to innelukka pollar  (Trøytarosen og Tjørnanespollen )  Dersom du vel og bevege deg vekk frå strandlinja, kan du søke inn mot skogen og opp til løypas høgaste punkt Varhaugen. Frå Varhaugen kan du nyta utsikten ,med  Bømlafjorden ,som strekkjer seg  frå Hardangerfjorden i aust til Sletta i sør (havstykke utanfor Haugesund) Mot vest ser du Langevåg og Børøyfjorden med sine mange holmar og pollar, og med Siggjo (Bømlo sitt høgaste fjell) som eit bakteppe mot nord.


Løypa føret deg  gjennom eit skiftande landskap frå ope terreng mellom røsslyng og brake på fjellgrunn, til små myrar og inn i lun og tett skog på godt oppgådde stiar.


 Langs etter løypa er det mange moglegheiter til å finna gode fiskeplassar frå land, moglegheitene er og store, for dei som synest det er spennande å gå og leita etter ”rekved” som havet har skylt i land.
I store delar av løypa kan du fylgja med på all båt trafikken som glir forbi i skipsleia  mellom Bergen og Stavanger. Totlandskogen byr også på fleire lune og idylliske viker, med badeplassar både i salt og ferskvatn.
Nyt og bevar naturen. God Tur!


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Lett
  • Middels
Landskap
  • Fjordområde
  • Skogsområde
  • Fjellområde

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Medium
Lansdscape
Forest area
Click to activate
Bømlo, Norway
The latitude and longitude
59° 41' 29" N / 5° 20' 35" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad