Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Hornindal

Tursti: Hornindal

  • +47 57874054
  •  /  km From You
Overview
Details

Turforslag:

VIKASÆTRA
Utg.pkt. vegen til Lia ca 2 km frå Grodås, ta til høgre og gå i ca 30 min på god skogsveg. Fin utsikt over Grodås/Hornindal.

KIRKHORNSSÆTRA
Gå gjennom byggefeltet i Kirkhornsbakkane, deretter skogsvegen som går bratt opp det første stykket. Ein ny veg tek av til høgre med bru over elva - og like etter ser du Kirkhornssætra. Retur same vegen eller ved å følgje stien som går omtrent rett ned frå sætra.
Kronglete å kome fram enkelte stader. Ein må rekne ca 2 timar tur/retur.

GULKOPPEN
Same utgangspunkt som til Kirkhornssætra, men gå skogsvegen heilt til endes. Når du kjem til brua ved vegs ende, følgjer du stien vidare oppover via Sætrehornet og Storehornet,
til Gulkoppen. Fleire fine utsiktspunkt på skogsvegen opp, og frå Sætrehornet. Ca. 4 timar til toppen.

KJØSAHALSEN
Utg.pkt. Ytre Svor, ca. 1,5 km frå sentrum. Ta til venstre og følg postvegen til Kongsvik. Gå vidare ned til riksvegen og følg den til tunnellen. Ta til venstre ved tunnellen og følg den gamle riksvegen, til du kjem til andre enden av tunnellen. Følg riksvegen tilbake mot Grodås. Heile turen tar ca. 2,5 timar.

(YTRE-)HORNSNAKKEN
Start på Ytrehorn, følg skilta og deretter den merka stien opp til toppen. Det kan vere litt bratt enkelte stader, men ikkje vanskeleg. Frå toppen har ein ei fantastisk utsikt over store
deler av Hornindal. Tur/retur ca 2 timar.

HØGENIBBA
Start frå Bruasætra. Frå Grodås er det 7 km med bil til Bruasætra. Stien tek av vegen om lag midt mellom Bruasætra og Storesætra. Ca 2 timar opp til toppen.

TUSSA
Utg.pkt. er Hjortedalsætra. Frå Hjortedalsætra kan ein køyre, eller gå, anleggsvegen innover Hjortedalen. Ved enden av vegen er det merka løype til Tussa og vidare til Sandfjellet. Det tek ca. 45 minutt til Tussa (frå enden av anleggsvegen).

HORNINDALSROKKEN
Frå Honndøla bru er det 1,5 km opp til Hornindalssætra. Rett før sætra er det laga parkeringsplass for bilar. Oppe i fjellsida, vest for sætra, går ein tidlegare anleggsveg inn til
foten av Hornindalsrokken. Vegen er lett og fin å gå på, enten ein vil heilt til topps eller berre
innover eit stykke. Ein kan rekne ca 1,5 time frå sætra og til foten av Hornindalsrokken. Vil ein heilt til topps reknar ein 4 timar vanleg gange frå Hornindalssætra.

DAURMÅLHORNET
Ta av riksveg 60 mot Seljeset (ca. 9 km i frå Grodås). Ta til venstre etter bru over Horndøla/Storelva. Det er køyrbar veg heilt inn til Strynesætra. Til høgre ved Sandgrova -omlag halvvegs til Strynesætra - går stien til Daurmålhornet.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Ekspert
Landskap
  • Fjellområde
Årstid
  • Høst
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Vandring
Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Utendørs parkering - mot avgift
Click to activate
Hornindal, Norway
The latitude and longitude
61° 58' 5" N / 6° 31' 30" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad