Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Rosendal

Tursti frå Rosendal til Guddal

Ein nydeleg tur på sti og grusveg. Turen går gjennom eit område der det kan vera beitande sauer og kyr på delar av turen. Hugs å lukka grindane etter deg!   

Stad

Rosendal 

Turkart

Folgefonna nasjonalpark. 

Start- og sluttpunkt

Rosendal fjordhotel 

Parkering

Parkeringsplassen til venstre ved Rosendal fjordhotel

Merking

Turen vert skilta med enkle laminerte skilt.

Gradering

Grøn. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad/lengd

0 – 90 moh. (3,1 km ein veg)

Tidsbruk

1,5 timar t/r 

Gode råd

Turen går gjennom eit område der det kan vera beitande sauer og kyr på delar av turen. Hugs å lukka grindane etter deg!   

Turomtale

Frå P-plass ved Rosendal Fjordhotel, kryssar du hovudvegen og følgjer skiltinga. Først på sti opp Svartedalen, så på grusveg til Skeie. Følg grusvegen til vegdele der du tek til venstre, og om litt til høgre på sti til Seglem. Vidare på gardsveg gjennom beiteområde.   

Gode råd

Hugs å lukka grindane etter deg, det kan vera beitande sauer og kyr på deler av turen. Ei vandring langs den 2,5 km lange grusvegen frå Guddalstunet innover i Guddalsdalen er ei sjeldan fin oppleving. Guddalselva kjem direkte frå Folgefonna og er det lengste urørte vassdraget i Kvinnherad. Attende til Rosendal kan ein gå rundturen om Seimsfoss langs hovudvegen. Ved elva er eit mangfald av aktivitetar; elvepark, bygdemølle, forskingsstasjon, sportsfiske og storindustri.  

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Tursti frå Rosendal til Guddal

Sider du nylig har besøkt