Valen

Tursti i Handelandsdalen

  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 53484280

Flott tur innover Handelandsdalen langs den stilleflytande elva til Feto med ope grillhus. Turen eignar seg for både dei minste og dei eldste. Tilrettelagt for rørslehemma.

Stad

Valen (Handeland)

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt

Handeland gard.

Parkering

Kjør til Handeland gard sør for Valen, og gjennnom gardstunet til P-plass i skogkanten bak garden.

Merking

God grusveg utan merking. Informasjonstavle ved P-plassen.

Gradering

Grøn. Ein sjeldant fin turveg for barnevogn og motorisert rullestol.

Høgdeskilnad

80 – 110 moh.

Tidsbruk

1 time t/r.

Gode råd

Ein tur for samtale og meditasjon.

Turomtale

Flott tur innover Handelandsdalen langs den stilleflytande elva til Feto med ope grillhus. Turen eignar seg for både dei minste og dei eldste. Rullestol: Vegen langs elva og inn til Feto har fast grusdekke, og er svært godt eigna for elektrisk rullestol. Det er ein bom i starten, men denne kjem ein lett rundt.

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no.

  • Sommer
  • Vår
  • Vinter
  • 1-4 timer
  • Lett

Accessibility information

  • Tilrettelagt for personer med nedsatt funksjonsevne

Kilde: Region Sunnhordland