Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Tursti Otterstad – Helland

  • +47 56599000
  •  /  km From You
Overview

 Vandring på gammal ferdaveg langs bredden av Modalselva.

Frå Bergen: Startpunktet for turstien som går langs Modalselva, ligg 86 km nord-austover frå Bergen. Køyr E39 nordover til Romarheim, der tek du til høgre inn på FV 569 mot Mo i Modalen. Køyr 17 km på 569, og parker ved startpunktet som er like før betongbrua. Du kan òg parkere i Mo sentrum. Turen frå Bergen tek normalt 1,5 time.

Start- og sluttpunkt: Otterstad ved Trohaugen – Helland. Rundtur.

Parkering: Ved informasjonstavla er det plass til nokre bilar. Elles parkering ved idrettsbana 50 m mot Mo sentrum.

Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Pilskilt og blå merking undervegs.

Gradering: Grøn. Lett fottur. Dei første 2 km av turen passar for rullestol/barnevogn.

Høgdeskilnad: 5–25 m

Berekna tidsbruk: 2 timar t/r


Turkart: Modalen og Stølsheimen (1:60 000), Matre (1:50 000). Turkartet Modalen og Stølsheimen (1:60 000) kan kjøpast her:
- Coop Modalen
- Modalen kommune, kommunehuset
- Nordhordland Libris
- Bergen Turlag-ekspedisjonen

I krysset på Otterstad står du ved byrjinga av ein gamal ferdaveg som strekk seg langt innover hovuddalføret. Dei første 2 kilometrane følgjer du ein nyare gruslagt veg langs elva inn til Øvraneset, der ruta vidare er skilta til Helland. Denne første delen har universell utforming og passar for alle både til beins og til hjuls. Langs denne strekkja går du gjennom område med tydelege teikn på hjortelivet i dalen. Dyra beitar her i liene og på innmarka, og er du heldig, kan du òg få eit glimt av dei – størst sjanse har du tidleg om morgonen eller på kveldstid.

Ved enden av grusvegen går ruta vidare til venstre over ein klopp, og vegen smalnar og stig før det ber nedover igjen, og du kjem ut på ein stor bø. I enden av bøen må du over ei sideelv. Her finst ein traktorterskel, og det er normalt ikkje vanskeleg å ta seg tørrskodd over. Like etter får du ei bru på høgre hand, og du kan eventuelt kryssa og fylgje fylkesvegen tilbake til Mo. Turstien går rett fram, og etter ca. 1 km kjem du til Helland med Modalen barnehage, eit bustadområde og nokre gardar. Etter 50 meter på asfaltveg er du ved eit kryss der anleggsvegen til venstre tek deg opp og inn Hellandsdalen. Den kan du følgje til Bleidalsstølen og vidare opp til Skjerjavatnet på ca. 850 moh. Du finn òg merka sti frå anleggsvegen til Tverradalsstølen.

Hovudruta er merka med blått og går vidare eit stykke på asfalt. Ved brua du snart kjem til, finn du ei informasjonstavle om ruteetappen som tek deg frå Helland til Almelid og vidare til Farestveit. Det er mogleg å ta med sykkel heile strekkja frå Otterstad til Farestveit, men du bør du ha ein sykkel med gode dekk og rekna med å stige av nokre stader.

www.visitbergen.com/visitmodalen


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Modalen, Norway
The latitude and longitude
60° 49' 7" N / 5° 48' 47" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad