Tursti Ramnanuten rundt


På denne turen kan du oppleve storslått utsikt over Tysnesbygda og Bjørnefjorden. Stien ned frå toppen går mot aust, er litt bratt men ikkje vanskeleg.
30 – 230 moh.
1 time.
3,5 km. rundtur
TurkartTysnes 1:50 000
Startpunkt og parkeringTysnes skule i Våge.
TuromtaleRundløype frå parkeringsplassen ved Tysnes skule. Turen er gradert som blå løype og tek om lag ein time. Høgdeskilnad er 30-230 moh. Første del av vegen er asfalt. Følg skogsvegen mot sør og ta til venstre når du har passert første bekken. Stien går langs restane etter røyrgate til Våge Lysverk, opp Kleivo til du kjem til vatnet og demninga. I fyrste stikryss ved demninga er det skilta til venstre. Gå mot nord over fleire småhaugar til Ramnanuten. Storslått utsikt over Tysnesbygda og Bjørnefjorden. Stien ned frå toppen går mot aust, er litt bratt men ikkje vanskeleg. Følg skogsvegen ned til steingarden og ta til venstre tilbake til Tysnes skule.
Kart med informasjon om turen kan kjøpast på turistinformasjonen eller på kommunehuset i Uggdal.
- Hele året
Kilde: Region Sunnhordland
Tursti Ramnanuten rundt